Mayall-objektet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hubble-bilete av Mayall-objekett offentleggjort i samband med teleskopet sitt attenårsjubileum i 2008. Ringen forårsaka av sjokkbølgjene kan sjåast til høgre.

Mayall-objektet (katalogisert Arp 148; kjend òg som VV 032 og MCG+07-23-019) er restane av to galaksar som har kollidert. Objektet ligg rundt 450 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Den store bjørnen.[1]

Kollisjonen mellom dei to galaksane forårsaka ein sjokkbølgjeeffekt som først drog materie inn mot sentrum av den eine galaksen og deretter blåste materien utover til ein ring.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Image: Hubble Interacting Galaxy Arp 148» - biletteksten til Hubble-biletet på ei av dei to offisielle heimesidene til romteleskopet.