Maybe av The Chantels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maybe
Singel av The Chantels
frå albumet We Are the Chantels
B-side

«Come My Little Baby»

Utgjeve Desember 1957
Innspelt 16. oktober 1957
Sjanger Doo wop
Lengd 2:54
Selskap End
Låtskrivar(ar) George Goldner, Casey (kreditert)
Richard Barrett (seinare kreditert)

«Maybe» er ein song med tekst og musikk opphavleg tillagt End Records-eigaren George Goldner og «Casey». Opphavsretten vart seinare overført til Richard Barrett. Ein trur at Arlene Smith, førstevokalist i The Chantels, var med på å skrive songen. Han vart først spelt inn av The Chantels den 16. oktober 1957 i doo-wop-stil med Barrett på piano. Singelen kom ut i desember 1957 og klatra inn på singellistene i januar 1958. Songen nådde 15. plassen poplista og andreplassen på R&B-lista. Han er sidan blitt skildra som «utan tvil det første verkelege glimtet av jentegruppestilen».[1] Rolling Stone rangert songen på 199. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene..[2]

Songen er blitt spelt inn av mange andre artistar, som Janis Joplin, The Three Degrees (som i 1970 tok songen inn på Topp 30 i USA) og The Shangri-Las. John Frusciante frå Red Hot Chili Peppers har framført songen på konsertar, som ein kan sjå på DVD-en Live At Slane Castle.

Songen vart nytta i videospelet Mafia II, trass i at handlinga finn stad i 1951 og songen ikkje vart innspelt før i 1957.

Billboard kåra songen til den 60. beste songen på lista si over dei 100 beste songane gjennom tidene av ei jentegruppe.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic
  2. «Rolling Stone's 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. April 2010. Arkivert frå originalen 2014-12-29. Henta 21. februar 2018. 
  3. «100 Greatest Girl Group Songs of All Time: Critics' Picks». Billboard. Henta 21. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]