Mayday

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mayday-sending mellom MV «Summit Venture» og den amerikanske kystvakta etter at skipet kolliderte med Sunshine Skyway Bridge i 1980.

Mayday er eit internasjonalt nødsignal for skip og luftfartøy som blir brukt over radiotelefoni. Det er avleidd av det franske uttrykket m'aidez!, 'hjelp meg!'. Bruken blei vedteken i 1948.[1]

Bruken av ordet oppstod i 1923, då ein radiooffiser ved Croydon lufthamn i London blei beden om å finna eit ord som kunne uttrykka nød og var lettå forstå av alle flygarar og bakketeneste i ein nødsituasjon.[2] På denne tida føregjekk mykje av flytraffiken mellom Croydon og Le Bourget lufthamn i Paris. Offiseren, Frederick Stanley Mockford,[3] føreslo uttrykket «mayday» frå det franske m'aider ei kortform av venez m'aider ('kom og hjelp meg').[4]

Før ein tok i bruk «mayday» var morsesignalet SOS eit tilsvarande nødsignal. I 1927 tok International Radiotelegraph Convention i Washington i bruk stemmesignalet «mayday» i staden for SOS.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «mayday». Store norske leksikon (på norsk). 28. september 2014. 
  2. «Why Mayday?». Research Questions. National Maritime Museum Cornwall. Henta 1 May 2013. 
  3. «It’s MayDay – But That Means Trouble for Aviators». Henta 30 March 2018. 
  4. Oxford Dictionaries, "Mayday"
  5. In 1927, the International Radiotelegraph Convention of Washington adopted "mayday" as the radiotelephone distress call Radiotelegraph Convention of Washington, s 81.