Mayo Clinic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mayo Clinic er eit kjent sjukehus-nettverk med utspring i Rochester, Minnesota, USA. Det driv òg sjukehus i Florida, Arizona, Minnesota, Iowa og Wisconsin. Det heile er òg kjent som «Mayo Health System». Det er kjent som eit av dei beste sjukehusa i USA. I 2004 behandla sjukehuset 513 377 pasientar, det har 1 157 sengar.

Sjukehuset blei grunnlagt som Saint Marys Hospital av Dr. William Worrall Mayo og sønene William James og Charles Horace i 1889.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]