Mayra Andrade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mayra Andrade
Mayra Andrade.jpg
Fødd13. februar 1985
FødestadHavanna
OpphavKapp Verde
SjangerMorna
Instrumentpercussion, vokal
PlateselskapRCA Records, Columbia Records
Verka sommusikar, songar, skodespelar
PrisarOkayAfrica 100 Women

Mayra Andrade (fødd 13. februar 1985) er ein kappverdisk songar busett i Paris. Ho er anerkjend for si moderne tolking av den tradisjonelle musikkstilen morna frå Kapp Verde.[1][2] Andrade er påverka av og blitt samanlikna med Cesária Évora.[3][4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Andrade blei fødd i Havanna på Cuba av kappverdiske foreldre, og familien flytta tilbake til Kapp Verde få dagar etter at ho var fødd. Ho budde dei første åra av livet på Kapp Verde, men ettersom faren var diplomat drog ho med familien til mange ulike land som barn. Ho budde mellom anna i Senegal, Angola og Tyskland.[5] men var nokre månader kvart år på hovudøya Santiago på Kapp Verde.[5][6] Ho flytta til Paris i 2002.[7]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Frå den 12. World Music Festival, 2014, i Ehrenbreitstein i Koblenz.

Andrade byrja opptre som tenåring.[8] Ho er fleirspråkleg, men har markert seg ved å synga på Kapp Verde-kreol. Ho har sjølv sagt at ho blei inspirert av den brasilianske musikaren Caetano Veloso.[8]

Ho tok songundervisning i Paris då ho var 17 år.[5] På den tida møtte ho komponisten Orlando Pantera og innleidde eit samarbeid med han.[8] Ho sang saman med heltinna Cesária Évora på klubben New Morning.[9]

Mayra Andrade byrja etter kvart å opptre i portugisiskspråklege område som Kapp Verde og Portugal,[10] og i franskspråkelege område. Ho deltok på Oslo World Music Festival i 2013.[11]

I 2015 blei Andrade kjendis-ambassadør for SN-kampanjen 'Fri og likeverdig', med mål om å verna om menneskerettane til LGBT-folk på Kapp Verde.[12]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I 2005 spelte Andrade inn ein duett med Charles Aznavour på hans siste album.[9] Ho medverka også på The Paris Sessions med Idan Raichel (Israel) og Vieux Farka Touré (Mali) i The Toure-Raichel Collective,[13] og Roberto Fonescoa sitt Akokan (2009).[14]

Det føste soloalbumet hennar, Navega, kom ut i 2006. Alle songane bortsett frå ein er sungne på Kapp Verde-kreol. Den ein songen som ikkje er det er den franske «Comme s'il en pleuvait» skriven av Tété.[9]

På det andre albumet sitt, Stória, stória, samarbeidde Mayra med den kappverdiske multi-instrumentalisten Kim Alves, den kamerunske bassisten Étienne M'Bappé og den brasilianske perkusjonisten Zé Luis Nascimento. Det tredje albumet, Studio 105, spelte ho inn live i Maison de la Radio i Paris.

Ifølgje Andrade sjølv var det fjerde albumet hennar, Lovely Difficult (2013), mindre tradisjonelt enn dei tre første. Dette albumet er meir prega av popmusikk og blei spelt inn i samarbeid med artistar frå USA, Israel, Frankrike[15] og Storbritannia, og har tekstar på portugisisk, kreolsk, fransk og engelsk.[16]

Albumet Manga (2019) blei spelt inn i Paris og Abidjan, og inneheld ei blanding av afrobeat, urban musikk og tradisjonelle rytmar frå Kapp Verde.[17][18]

Verk[endre | endre wikiteksten]

År Album Beste plassering
SNEP (Frankrike)
[19]
2006 Navega 124
2009 Storia, storia 157
2010 Studio 105
2013 Lovely Difficult 98
2019 Manga 22
[20]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2001, 16 år gammal, fekk Andrade prisen for beste songskribent under Jeux de la Francophonie.[10]

Andrade fekk «Preis der Deutschen Schallplattenkritik» (prisen til dei tyske platnmeldarane) for albumet Navega i 2007 og for Stória, stória... i 2009.[21][22] Ho fekk også «Newcomer award» i BBC Radio 3 Awards for World Music i 2008.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «New Album: Lovely Difficult by Mayra Andrade». Akatasia. 2. desember 2013. Henta 26. mai 2014. 
  2. The Complex (9. februar 2012). «The Voice of Cape Verdean Soul: Mayra Andrade». Sinuous Magazine. Arkivert frå originalen 2013-12-03. Henta 13. november 2013. 
  3. «Lovely difficult, o novo álbum da sucessora de Cesária Évora». Outros Mundos. 12. november 2013. Arkivert frå originalen 2013-12-03. Henta 13. november 2013. 
  4. Filipa Santos. «Entrevista a Mayra Andrade». Agenda Cultural Lisboa. Arkivert frå originalen 2013-12-05. Henta 26. mai 2014. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Maya, Jaggi (26. mars 2008). «Mayra Andrade, voice of Cape Verde». The Sunday Times. Arkivert frå originalen 2011-05-17. Henta 11. april 2008. 
  6. 6,0 6,1 Lusk, Jon. «Mayra Andrade». BBC Radio 3. BBC. Henta 11. april 2008. 
  7. Carinya Sharples. «Ten minutes with... Mayra Andrade». Arise Live. Arkivert frå originalen 2013-10-25. Henta 14. november 2013. 
  8. 8,0 8,1 8,2 Brown, Helen (27. september 2007). «Mayra Andrade: Beats on a collarbone». The Daily Telegraph. Henta 11. april 2008. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Olivia Marsaud (8. juni 2006). «Mayra Andrade, la petite fiancée du Cap-Vert». Afrik.com. 
  10. 10,0 10,1 Gutierrez, Evan C. «Biography». allmusic. All Media Guide. Henta 11. april 2008. 
  11. «10 tips for Oslo-kvelden». Aftenposten. 30. oktober 2013. s. 24. 
  12. «Journée internationale des droits de l'homme au Cap Vert : Lancement de la campagne Libres et Egaux» (på fransk). United Nations Office of the High Commissioner for Human Rights. 22 December 2015. Henta 3. januar 2018. 
  13. «In transit». Dag og Tid. 7. november 2014. s. 30. 
  14. «Med augneblinkens energi». Dagsavisen. 25. juli 2009. s. 44. 
  15. Cláudia Marques (21. august 2013). «Já não tenho justificações a dar, quis agora fazer algo por prazer». Sapo Musica. Arkivert frå originalen 2013-10-29. Henta 22. august 2013. 
  16. Marcelo Monteiro (22. august 2013). «Entre África, Europa e Brasil: ouça o novo single de Mayra Andrade». O Globo. Henta 23. august 2013. 
  17. «Mayra Andrade já lançou o seu novo single “Manga”» (på portugisisk). CA Noticias. 9. desember 2018. Henta 22. desember 2018. 
  18. «Mayra Andrade lança "Manga", "uma fruta que faz bem ao coração"» (på portugisisk). Sapo24. 22. oktober 2018. Henta 22. desember 2018. 
  19. «Mayra Andrade discography». lescharts.com. Hung Medien. Henta 24. november 2013. 
  20. «Le Top de la semaine : Top Albums Fusionnes – SNEP (Week 7, 2019)» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. Henta 18. februar 2019. 
  21. «Bestenliste 2-2007». Preis der Deutschen Schallplattenkritik. 15. mai 2007. Henta 16. august 2015. 
  22. «Bestenliste 4-2009». Preis der Deutschen Schallplattenkritik. 15. november 2009. Henta 16. august 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]