Maysalun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°35′44″N 36°3′53″E
Maysalun
ميسلون
fjellovergang
Land Flag of Syria.svg Syria
Fjellkjede Anti-Libanonfjella
Høgd 1 090 moh.
Koordinatar 33°35′44″N 36°3′53″E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Maysalun (arabisk ميسلون) er eit fjellområde sørvest i Syria i austsida av Anti-Libanonfjella kring 12 kilometer vest for Damaskus i Rif Dimashq guvernement i ei høgd på 1090 meter over havet. Området ligg langs den gamle vegen mellom Damaskus og Libanon og har lenge vore kjend for sine khanar og stoppestader. Den næraste byen i området er al-Dimas.

Maysalun er kjend i syrisk historie som staden der den syriske krigsministeren Yusuf al-Azma nekta å gje etter for dei franske og engelske koloniplanane med å gje dei kamp.[1] Kong Faisal av Syria valte å ikkje kjempe mot franskmennene og trekte seg attende, og fekk seidan eit kongedøme i Irak. Azma valte å kjempe og gjekk i strid mot franskmennene sjølv om han vistte at han var i undertal. Franskmennene gjekk inn i Syria for å danna ein koloni og dei kunstige grensene vart trekte med Sykes-Picot-avtalen i 1917.[2] Slaget vart ein avgjerande fransk siger som gjorde at dei kunne marsjere til Damaskus og starta delinga og koloniseringa av Syria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. William Cleveland, A history of the Modern Middle East, Third Edition, s. 166.
  2. William Cleveland, A history of the Modern Midtausten, Third Edition, s. 167.