Maysan guvernement
Maysan guvernement | |||
(arabisk محافظة ميسان) | |||
guvernement | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | |||
Hovudstad | Amarah | ||
Areal | 16 072 km² | ||
Folketal | 1 412 234 (2014) | ||
Folketettleik | 88 / km² | ||
![]() Maysan guvernement | |||
Wikimedia Commons: Maysan Governorate | |||
Maysan guvernement (arabisk ميسان Maysān) er eit guvernement søraust i Irak, ved grensa til Iran. Det administrative senteret er byen Amarah. Før 1976 hadde det heitt Amara guvernement.
Andre språk[endre | endre wikiteksten]
Regionen vart kalla Messène (gammalgresk Μεσσήνη) av dei gamle grekarane (Strabon), Mays̲h̲an på gammalsyrisk, Mēs̲h̲ān på mellompersisk og partisk (𐭌𐭉𐭔𐭍, Myšn), Mēs̲h̲un på armensk, Maysān (ميسان) på arabisk og T’iao-tche i Han-kjelder.[1]
Dei fleste innbyggjarane er sjia-arabarar. I sør ligg mange av Dei mesopotamiske sumpene, og området har tradisjonelt vore heimstad til mange sumparabarar.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Aleksander den store grunnla byen Kharax Spasinu i 324 fvt. i denne regionen. Byen vart seinare hovudstad i Kharakene. Byen finst som ruinar i Naysan.
Området leid stort under den iransk-irakiske krigen og var då ei stor slagmark, og igjen under det irakiske opprøret i 1991.
Distrikt[endre | endre wikiteksten]
- Ali Al-Gharbi (علي_الغربي)
- Amara (العمارة)
- Al-Kahla (الكحلاء)
- Al-Maimouna (الميمونة)
- Al-Mejar Al-Kabi (المجر الكبير)
- Qal'at Saleh (قلعة صالح)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Maysan Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Streck, M.; Morony, M.. "Maysān." Encyclopaedia of Islam, Second Edition. , 2012. Reference. 30 March 2012