Mazkeret Batya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mazkeret Batya
lokal kommune
Garden til baron Rothschild
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 31°51′16.35″N 34°50′31.02″E
Areal 7,44 km²
Folketal 9 900  (2008)[1]
Folketettleik 1 331 / km²
Grunnlagd 1883
Kart
Mazkeret Batya
31°51′16″ N 34°50′31″ E
Wikimedia Commons: Mazkeret Batya

Mazkeret Batya (hebraisk skrift מַזְכֶּרֶת בַּתְיָה, tyder 'Batya-minnesmerket') er ein by sentralt i Israel søraust for Rehovot og 25 km frå Tel-Aviv. Mazkeret Batya dekker eit område på kring 7 km². I desember 2008 hadde han eit folketal på 9 900.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mazkeret Batya kring 1899.

Mazkeret Batya vart grunnlagd den 7. november 1883 av ti pionerar frå Russland og sju lokale jødar. Han vart opphavleg kalla Ekron og var den første jordbruksbusetjinga til Hovevei Zion-rørsla. Landområdet vart kjøpt av baron Rothschild i eit tidleg forsøk på å innføre jødisk gardsbruk i Palestina. Rabbien Shmuel Mohilever spelte ei avgjerande rolle i å skaffe midlar og organisere nybyggjarane. Leivningane etter Mohilever vart sidan gravlagde i Mazkeret Batya gravplass. I 1887 vart namnet endra til Mazkeret Batya, til minne om Betty Salomo de Rothschild, mor til baron Rothschild.

Hovudnæringa i landsbyen var hovudsakleg gardsbruk under tørre forhold, som heldt fram sjølv etter selskapet Mekorot bygde ei røyrleidning som førte vatn til området frå Rehovoth.[2] I 1947 var Mazkeret Batya heimstaden til 475 menneske.[2]

I mandattida vart det grunnlagd ein jødisk politistasjon i Mazkeret Batya for å gjere dei lokale vegan tryggare. Under sjølvstendekrigen drog konvoiar som skulle kringsetje Jerusalem ut frå Mazkeret Batya. Eit feltsjukehus var i drift her for å ta seg av Haganah-soldatar som vart skadde ved Latrun.[3]

I følgje ei kjelde skal britane mot slutten av Palestinamandatet ha prøvd å gje den nærliggande flyplassen Aqir og leiren der til palestinske arabarar, visstnok utan suksess.[2]

I dag[endre | endre wikiteksten]

Sidan han ligg nær Tel Aviv, har Mazkeret Batya i nyare tid opplevd vekst. Mazkeret Batya er eit blanda samfunn av religiøse og sekulære jødar. Historiske landemerke er Beit Ha'Itut (Signalhuset), Den store synagoga, Beit Meshek HaBaron, vasshjulet og brunnen, reservoaret og den gamle garden.[3]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Mazkeret Batya er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 - Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. september 2009. Henta 8. april 2015. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Jewish National Fund (1949). Jewish Villages in Israel. Jerusalem: Hamadpis Liphshitz Press. s. 41. 
  3. 3,0 3,1 Society for Preservation of Israel Heritage Sites, arkivert frå originalen 5. desember 2009, henta 6. juli 2015 
  4. «Stadt Celle». www.celle.de. Henta 16. oktober 2014. 
  5. Harry Sanders, «'Shalom,' from Israel,» Calgary Sunday Sun 25 Jan. 1998: S7
  6. «Ville de Meudon - Villes jumelles». Ville de Meudon. Arkivert frå originalen 7. mai 2013. Henta 29. juli 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]