Mbabane
Hopp til navigering
Hopp til søk
Mbabane er hovudstaden i Swaziland. Folketalet til byen er 70 000 (2003). Han ligg ved Mbabane-elva og sideelva Polinjane i Mdimba-fjella. Han er òg administrasjonssenter for Hhohho-distriktet.
Byen voks fram etter at Swaziland sitt administrasjonssenter vart flytta frå Manzini i 1902. Han er òg eit kommersielt sentrum for regionen. Det vert drive gruvedrift av tinn og jarn ikkje langt unna.
Den gjennomsnittlege årstemperaturen er 15 °C i juli og 22 °C i januar.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |