Hopp til innhald

Mbalax

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Youssou N'Dour og tama-spelar

Mbalax (volof for «rytme», uttalt umm bah-laak eller mballach) er ein vestafrikansk populærmusikksjanger som er spesielt utbreidd i Senegal og Gambia.

Mbalax er ei blanding av den tradisjonelle religiøse musikksjangeren njuup og dei heilage ndut-ritane knytte til sererfolk[5]{[6][7] og afrokubanske rytmar som kom tilbake til Afrika då den kubanske musikken spreidde seg over heile verd 1950- og 1960-talet. Ulike former for populær vestleg musikk og dans, som jazz, soul, soca og rock er blanda med sabar, den tradisjonelle tromme- og dansemusikken til volofane. Rytmane inneheld karakteristiske raske løp på trommene, som ofte er tama («talking drum») og den store, ståande sabar-tromma. I tillegg blir det brukt lyse, funk-liknande rytmar på gitar.

Tekstane som blir brukte i mbalax har ofte samband med vestafrikansk sufisme; balladeformene minner om lovsongane til griotane. Språket er volof.

Mbalax-musikarar

[endre | endre wikiteksten]

Youssou N'Dour er den mest kjende mbalax-utøvaren. I Noreg finst den norsk-senegalesiske kora-spelaren Solo Cissokho. Andre utøvarar er:

  1. «MBALAX: DANCE MUSIC OF SENEGAL AND GAMBIA». Right for Education. Henta 30. mai 2022.
  2. «Photo Blog: The Beat of The Gambia». Africa at LSE. Henta 30. mai 2022.
  3. Music around the World: A Global Encyclopedia (3 volumes): A Global Encyclopedia, s. 327, ved Google Books
  4. Barz, Gregory F. (2001). Mbalax. Oxford Music Online. Oxford University Press. doi:10.1093/gmo/9781561592630.article.51499.
  5. Sturman, Janet, « The SAGE International Encyclopedia of Music and Culture ». SAGE Publications (2019), s. 1926 ISBN 9781483317748
  6. Connolly, Sean, «Senegal». Bradt Travel Guides (2009), s. 27, ISBN 9781784776206
  7. Ferloo, ferloo.com (henta 7. mai 2012).

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Cornelia Panzacchi: Mbalax Mi. Musikszene Senegal. Peter Hammer, Wuppertal 1996, ISBN 3872947176
  • Anja Brunner: Die Anfänge des Mbalax. Zur Entstehung einer senegalesischen Popularmusik. Institut für Musikwissenschaft, Wien 2010, ISBN 3950286616