Mbulaeni Mulaudzi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mbulaeni Mulaudzi


Statsborgarskap Sør-Afrika
Fødd 8. september 1980
Limpopo
Død

24. oktober 2014 (34 år)
Witbank

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Samveldeleikane 2002

Mbulaeni Mulaudzi (8. september 198024. oktober 2014) var ein sørafrikansk friidrettsutøvar frå Limpopo-provinsen i det nordaustlege Sør-Afrika. Han tevla internasjonalt på 800 meter, der han vann VM-gull i 2009, tok OL-sølv i 2004 og VM-bronse i 2003.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mbulaeni Mulaudzi under friidretts-VM 2007

Mulaudzi sitt fyrste store meisterskap var VM i friidrett 2001 i Edmonton, der han vart sjettemann på 800 m. Året etter vann han spesialdistansen i samveldeleikane og vart nummer tre i den panafrikanske meisterskapen. Mulaudzi enda på tredjeplassen under VM i Paris i 2003, bak Djabir Saïd-Guerni og Jurij Borzakovskij.

Under opningsseremonien ved Sommar-OL i Aten i 2004 fekk Mulaudzi æra med å vere flaggberar for den sørafrikanske troppen. I Aten-leikane tok han elles den olympiske sølvmedaljen på 800-meteren, hårfint framom kenyansk-danske Wilson Kipketer, Jurij Borzakovskij vann løpet. Mulaudzi klarte ikkje å kvalifisere seg til finalen under VM 2005, ved VM 2007 kom han inn til sjuandeplass. Under Sommar-OL 2008 rauk han på ny ut i semfinalane.

Høgdepunktet for Mulaudzi kom under friidretts-VM 2009 i Berlin. Sidan tempoet i løpet var heller lågt, vart medaljestriden avgjort i eit rivande spurtoppgjer. Her lukkast Mulaudzi å vinne på tida 1.45,29, seks hundredels sekund framom vinnarane av sølv og bronse. Same sesongen gjorde han med 1.42,86 sitt liv snøggaste 800-meter.

Ved innandørs verdsmeisterskap på 800 m vann Muluadzi gull i 2004 og fekk sølvmedaljar i 2006 og 2008.

Mulaudzi la opp som aktiv utøvar i 2013. Han omkom i ei bilulukke i Mpumalanga-provinsen, 34 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]