McDonald’s

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
McDonald’s
McDonald's Golden Arches.svg
McDonald's resturant på Tiller i Trondheim (2).JPG
McDonald's-resturant på Tiller i Trondheim.
Selskapsformbørsnotert selskap Sjå dette på Wikidata
Skipa15. mai 1940
EigarThe Vanguard Group, BlackRock, State Street Corporation Sjå dette på Wikidata
Bransjedrift av hurtigmatrestauranter, catering, overnattings- og serveringsvirksomhet, mat- og tobakksindustri
LandUSA Sjå dette på Wikidata
HovudkontorChicago, Illinois Sjå dette på Wikidata
Tilsette420 000, 210 000, 200 000 Sjå dette på Wikidata
Resultat5 924 300 000 US-dollar Sjå dette på Wikidata
Døme på måltid ein kan kjøpe på McDonald's.

McDonald's Corporation er ei amerikansk snøggmatkjede som sel hamburgerar, pommes frites og liknande. Kjeda er den største på området i verda og omfattar over 31 000 restaurantar i om lag 120 land, dei fleste baserte på franchising. McDonald's er fleire stader i verda blitt eit symbol for aukande globalisering og eksport av amerikansk kultur og næringsliv og utsett for protestdemonstrasjonar. Kjeda blir også kritisert for å servere usunn mat som bidrar til overvekt, særleg hos ungdom. Omsetjing var i 2004 på om lag 19 milliardar amerikanske dollar og selskapet hadde då kring 440 000 tilsette.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Brørne Maurice (Mac) og Richard (Dick) McDonald opna i 1948 ein drive-in restaurant i San Bernardino i California, som serverte hamburgerar, pommes frites og milkshake. Brørne hadde frå 1940 drive ein liknande grillrestaurant same stad. I 1953 utvida dei drifta til fleire restaurantar via franchising, og i 1954 gjorde dei Raymond Albert Kroc (1902–84), ein seljar av milkshake-maskiner, til franchise-agent. Han opna i 1955 sjølv ein restaurant i Des Plaines i Illinois, som kjeda no refererer til som sin første og starten på selskapet. I 1960 omfatta kjeda (no McDonald's Corporation) over 200 restaurantar i USA, og året etter kjøpte Kroc ut brørne og lanserte logoen med ein M forma som to gylne bogar (Golden Arches). Logoforma var tidlegare brukt som byggedesign i dei førte restaurantane til brørne McDonalds. Reklamefiguren og klovnen Ronald McDonald kom på TV første gong i 1963, og McDonald's vart i 1965 eit børsnotert aksjeselskap. I 1968, same år som hamburgeren Big Mac vart lansert, opna McDonald's sin restaurant nummer tusen, og gjennom 1970-åra auka talet på restaurantar med om lag 500 per år. Den første restauranten utanfor USA vart opna i Canada i 1967, dei første i Europa i Tyskland og Nederland i 1971, den første i Norden i Sverige i 1973 (Stockholm), og i 1990 opna McDonald's ein restaurant i Moskva.[1]

I Noreg vart den første McDonald's-restauranten opna i Oslo i 1983.[2] McDonald's Norge AS er eigd med halvparten kvar av McDonald's Corporation og administrerande direktør Theo Holm og har ei omsetjing på over 1 milliard norske kroner. Per 2005 var det 67 norske restaurantar med om lag 2500 tilsette.

Veldedig arbeid[endre | endre wikiteksten]

Gjennom den norske stiftinga Ronald McDonald Barnefond har verksemda òg bygd bustadtilbod til familiar med barn innlagde ved sjukehus, og det finst tilsvarande rom eller hus i fleire andre land. I 2016 byrja dei stiftinga eit samarbeid med Stine Sofies Stiftelse om å byggja Stine Sofie Senteret for valdsutsette barn.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «McDonald's to leave Russia for good after 30 years». BBC News (på engelsk). 17. mai 2022. 
  2. «Om McDonald's», www.mcdonalds.com (på norsk bokmål), henta 15. mars 2022 
  3. «Ronald McDonald's Barnefond», www.mcdonalds.com (på norsk bokmål), henta 15. mars 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: McDonald’s