Medarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Medarane var eit iransk oldtidsfolk av indo-iransk opphav som budde i Media, nord for Persia i den vestlege og nordvestlege delen av dagens Iran. Utanom nokre få personnamn, er språket til medarane heilt ukjent, men var utan tvil ganske likt avestisk og skytisk, og moderne kurdisk.

Media i oldtida svarer omtrent til det noverande Kurdistan. Ein av dei viktigaste byane var Ekbatana. Media var eit senter for kultur, og det var mange hærførarar som prøvde å angripe landet. Dette førte til at Media bygde ei stor borg på ein topp like ved, der dei søkte vern når dei vart kringsette.

Ifølgje historikarar skal dagens kurdarar vere etterkommarar av dei antikke medarane. Medarane snakka ifølgje John Limbert og den russiske historikaren Vladimir Minorskij eit urkurdisk språk.[1]

Grava til kong Kyaxares ligg i byen Suleimania i irakisk Kurdistan, medan faren hans (Fraortes) er gravlagd i Mahabad i iransk Kurdistan.

Medarane vert omtalte i assyriske innskrifter allereie omkring 800 f.Kr. Under Kyaxares erobra dei Assyria saman med Nabopolassar. Seinare slo dei seg saman med persarane under Kyros II og erobra Babylonia ved å innta Babylon. Før den persiske invasjonen på 500-talet f.Kr. klarte medarane å etablere eit imperium som strekte seg frå Aran (dagens Aserbajdsjan) til Sentral-Asia og Afghanistan.

Nokre arkeologiske funnstader (oppdaga innanfor «den mediske triangelen» i det vestlege Iran) og frå tekstkjelder frå samtidige assyriske og dessutan greske i seinare hundreår, har gjeve kortfatta dokumentasjon av historia og kulturen til det mediske riket. Desse arkitektoniske kjeldene, templa til religionen, og litterære referansane viser kor viktige og varige dei mediske bidraga (som safavid-akamenide-mediske sambandet i tradisjonen for «søylehallane») var for den persiske kulturen. Ei rekkje ord frå medisk er enno i bruk, og det finst språk som kan sporast geografisk og relativt tilbake til det nordvestlege iranske språket. Medarane hadde ein oldtidsiransk religion (ei dyrking av ei form for før-zoroastrisme eller av Mithra) med eit presteskap som vart kalla «magi». Seinare under styra til dei siste mediske kongane spreidde reformene til Zarathustra seg i det vestlege Iran.

Tidlege historiske referansar til Media[endre | endre wikiteksten]

Medarriket

Medarane, folket av Media (den greske form «Μηδοί» er jonisk for Madoi). dukkar først opp i historia i 836 f.Kr. då han assyriske erobraren Salmanassar III mottok skatt frå «Amadai» i krigen hans mot stammene i Zagrosfjella. Etterfølgjarane hans gjennomførte mange ekspedisjonar mot medarane (madai). Sargon II underla dei seg opp til «fjellet Bikni lengst unna» (Elburz) og grensene til ørkenen i 715 f.Kr. og 713 f.Kr.

Ein assyrisk militærrapport frå 800 f.Kr. ramsar opp 28 namn på mederhøvdingar, men berre ein av desse kan heilt sikkert identifiserast som iranar. Ein annan rapport frå rundt 700 f.Kr. ramsar opp 26 namn, av desse ser fem ut til å vere iranarar, dei andre er det ikkje.

På dette tidlege stadiet var medarane vanlegvis klassifisert saman med ein liknande iransk stamme, skytarane. Dei var delte inn i mange distrikt og byar, under små lokale høvdingar. Frå namna i dei assyriske inskripsjonane verkar det som dei allereie hadde adoptert religionen til Zarathustra. Til trass for stadige opprør av dei tidlege høvdingane mot det assyriske styrte, betalte medarane skatt til Assyria under etterfølgjarane til Sargon som var Sankerib, Asarhaddon og Assurbanipal når desse kongane marsjerte inn med sine sterke armear.

Josefus set medarane i relasjon til den bibelske personen Madai, son av Jafet. «No til Javan og Madai, sønene til Jafet. Frå Madai kom madeanane, som vert kalla medarar av grekarane». Jødane si antikke tid, I:6

Andre antikke historikarar, inkludert Strabon, Ptolemaios, Herodot, Polybios og Plinius, nemner namn som mantiane, martiane, matiane, matiene for å skildre den nordlege delen av Media.

Vi kan sjå korleis dei iranske elementa gradvis vert dominerande. Prinsar med iranske namn opptrer av og til som herskarar av andre stammer. Men Gelae, Tapuri, Cadusii, Amardi, Utii og andre stammar i nordlege Media og på kysten av Kaspihavet kan kanskje ikkje ha vore av iransk opphav. Polybios (V. 44,9), Strabon (xi. 507, 508, 514) og Pliny (vi. 46) rekna Anariaci til å vere blant desse stammene, men namnet deira som tyder «ikkje-ariar», er truleg eit samleomgrep for ei mengd mindre innfødde stammar.

Dei seks mediske stammene hos Herodotus[endre | endre wikiteksten]

Herodot, i. 101, lister opp namnet på seks mediske stammar. Nokre av desse har likskap til stammenamn til skytharane, noko som indikerer eit samband mellom desse gruppene.

1. Busae-gruppa er trudd å stamme frå det persiske omgrepet «buza», som tyder opphavlege folk (dvs. ikkje iranske). Om dette var basert på eit opphavleg iransk omgrep eller deira eige namn, er ukjent.

2. Paraetaceni, eller «Parae-tak-(eni)» og tilhøyrde nomadiske innbyggjarar av fjella i Paraetacene. Dette namnet minner om det skythiske «Para-la-ti», folket av Kolaxis, trudd å generelt representere det vanlege folket.

3. Stru­khat

4. Arizanti, der namnet kjem frå orda arie (edel) og zantu (stamme, klan).

5. Budii, òg funnet blant skytarane ved Svartehavet som Budi-ni. Buddha var av stamma Budha, sakaane (austlege skytarar) si form av namnet.

6. Magiar var av mesopotamisk (ikkje-arisk) opphav. Dei var ein arveleg prestekaste, ikkje av ein runnen iransk religion, men meir ein som delvis kom frå mesopotamiske (sumeriske) konsept. Namnet magi tyder eit samband med sumerarar som kalla språket sitt emegir, over tid forenkla til magi. Ungarsk tradisjon sporar sin før-europeiske magyar-forfedrar tilbake til magiane. Over tid utvikla persarane si eiga form for magi-religion med store skilnader frå det opphavlege mesopotamisk-influerte magi.

Det mediske imperium[endre | endre wikiteksten]

I den andre halvdelen av 600-talet, fekk medarane sjølvstende og vart sameint i eit dynasti. Opphavet og historia til det mediske imperiet er ganske uklart, sidan det omtrent ikkje finst noko samstundes informasjon og ikkje eit einaste monument eller inskripsjon frå Media sjølv. Historia om at Ktesias gav ei liste over ni kongar som byrja med Arbaces, som er sagt å ha øydelagt Ninive rundt 800 f.Kr., teke vare på i Diod. ii. 32 sqq. og kopiert vidare av mange seinare forfattarar, har inkje historisk verd, sjølv om mange av namnet hans kan kome frå lokal tradisjon.

Attforteljingane til Herodot inneheld meir verdifulle historiske element. Dersom ein kan stole på han, oppstod dynastiet frå Deioces, ein medisk høvding i Zagros, som i likskap med likemennene sine vart transporterte av Sargon til Hamath (Haniah) i Syria i 715 f.Kr.

Kongane som etablerte det mediske imperiet er vanlegvis rekna å vere Fraortes og sonen hans Kyaxares. Dei var truleg høvdingar av ein nomadisk stamme i ørkenen, Manda, nemnt av Sargon, og dei grunnla truleg hovudstaden ved Ekbatana. Den babylonske kong Nabonidus omtalte alltid medarane og kongane deira som manda.

Frå assyriske inskripsjonar er det tydeleg at desse tidlege medarkongene som freista eit opprør mot assyrarane i tida til Asarhaddon og Assurbanipal, var alliert med høvdingar av kimmerianarane (som kom frå den nordlege kysten av Svartehavet og invaderte Aemenia og Vesleasia), saparda, ashguza og andre stammer. Jeremia og Sefania i det gamle testamentet stadfestar at ein massiv invasjon av Syria og Palestina av nordlege barbarar faktisk fann stad i 626 f.Kr.

Ifølgje Herodot vart erobringane av medaren Kyaxares avbrotne av ein skythisk invasjon som varte i 28 år. Det einaste sikre faktumet er at i 612 lukkast Kyaxares (med hjelp av Nabopolasser kaldeeren) i å øydeleggje Ninive og innan 606 dei siste restane av assyrisk kontroll.

Frå då av herska medarkongen over store delar av Iran, Assyria og nordlege Mesopotamia, Armenia og Kappadokia. Makta hans var veldig farleg for naboane hans og dei forviste jødane forventa at medarane kom til å øydeleggje Babylon. (Jes 13;14;21 og Jer 1). Då Kyaxares angreip Lydia, intervenerte kongane av Kilikia og Babylon og forhandla ein fred i 585 f.Kr. der Halys vart etablert som grensa til Media med Lydia. Nebukadnessar av Babylon gifta seg med ei dotter av Cyaxares ein tilstand av balanse rådde mellom stormaktene inntil persarane reiste seg under Kyros den store.

Om den interne organiseringa av medarriket, veit vi at grekarane adopterte mange seremonielement frå persarane sine domstolar, vanane til kongen osv. gjennom Media.

Underlagt persarane[endre | endre wikiteksten]

Kyros, kongen av Persia, gjorde opprør mot føydalherren sin, medarkongen Astyages, sonen til Kyaxares, i 553 f.Kr. Han vann ein avgjerande siger i 550 f.Kr. som enda i at Astyages vart fanga av sine eigne misnøgde adelsmenn og overgav han umiddelbart til den triumferande Kyros. Dermed var medarane underlagt dei nære slektningane sine, persarane. I det nye imperiet heldt på dei ein viktig posisjon. I ære og krig stod dei ved sida av persarane, hoffseremoniane deira vart adoptert av dei nye herskarane som i sommarmånadane heldt til i Ekbatana og mange mediske adelsmenn vart tilsette som tenestemenn, satrapar og generalar. Etter mordet på tronranaren freista Smerdis, ein medar som gjorde krav på å vere eit skot av Cyazares, å gjeninnføre det mediske kongedømmet, men leid eit nederlag for dei persiske generalane og vart avretta i Ekbatana. Eit anna opprør i 409 mot Dareios II vart kortvarig. Men dei ikkje-ariske stammene i nord, særleg Cadusii, var alltid problematiske. Det vert nemnde mange mislukka felttog mot dei av dei seinare kongane.

Under persisk styre var landa delt i to satrapiar. I sør låg det ekte Media, eller større Media som det ofte vart kalla, med Ekbatana og Rhagae (Rai), utgjorde i Dareios si organisering den ellevte satrapien. I nord låg distriktet Matiane og utgjorde den attande satrapien saman med dei fjellrike distrikta Zagros og ekte Assyria (austom Tigris), og dessutan austlege Armenia.

Då det persiske riket byrja å falle frå kvarandre og Cadusii og andre fjellstammer gjorde seg sjølvstendige, vart det austlege Armenia ein spesiell satrapi, medan Assyria ser ut til å ha vorte sameint med Media. Difor kallar Xenofon alltid Assyria for «Media» i Anabasis.

Media og det hellenistiske Hellas[endre | endre wikiteksten]

Aleksander okkuperte Media sommaren 330 f.Kr. I 328 utpeikte han Atropates, ein av Dareios tidlegare generalar som satrap. I delinga av imperiet hans, vart det sørlege Media gjeve til makedonaren Peithon, men den nordlege delen som låg langt borte og var av lita interesse for generalane hans som kjempa over arva til Aleksander, vart etterlatne til Atropates.

Medan det sørlege Media med Ekbatana vart overtekne og styrt av Antigonus og etterpå (rundt 310) til Selevkos I, heldt enno Atropates posisjonen som satrap og lukkast i å grunnleggje eit uavhengig kongedømme. Dermed vart delinga av landet som Persia hadde introdusert varig. Norddelen vart kalla Atropane etter grunnleggjaren av dynastiet, eit namn som enno er bevart i det moderne Aserbajdsjan.

Hovudstaden var Gazaca i den sentrale sletta med den sterke borga Phraaspa, truleg identisk med den store ruinen Takhti Suleiman, kor der er resten av sasanidane sine eldalter og eit seinare palass. Kongane hadde ein sterk og krigersk armé, særleg kavaleri. Likevel vart kong Artabazanes tvinga av Antiokos III i 220 f.Kr. til å inngå ein ufordelaktig avtale. I seinare tider vart herskarane avhengige av partarane, Tigranes av Armenia, seinare Pompeius som kjempa mot kongen deira Dareios, Antonius (som invaderte Atropatene) og Augustus av Roma. På Strabon si tid (år 17) eksisterte enno dynastiet, men seinare ser det ut til at landet vart ein provins i Partia.

Atropatene er det landa i Vest-Asia som vart minst påverka av hellenismen. Det finst ikkje ein einaste mynt av herskarane deira. Men meininga til moderne forfattarar om at det var ein spesiell tilfluktsstad for zoroastrisme er basert på feiltolking av namnet (som «landa med eldtilbeding»). Der er ingen tvil om at kongane høyrde til den persiske religionen, men det er ikkje sannsynleg at det var djupt grunnfesta blant innbyggjarane, særleg blant ikkje-ariane.

Sørlege Media vart verande ein provins i imperiet til selevkidane i 150 år og hellenismen vart introdusert over alt. Media er omringa overalt av greske, i samsvar med planen til Aleksander om å verne han mot barbarar i nabolaget. Berre Ekbatana heldt på den gamle karakteren sin. Men Rhagae vart den greske byen Europus. Dei fleste vart grunnlagde av Selevkos I og sonen hans Atiokos I.

I 221 freista satrapen Molon å gjere seg uavhengig (der var bronsemyntar med namnet hans og kongelege tittel) saman med broren hans Aleksander, satrapen av Persis, men dei vart sigra over og drepen av Antiokus den store. På same måte erobra den mediske satrapen Timarchus Babylonia. På myntane kalla han seg den store kongen Timarchus, men igjen lukkast den legitime kongen, Demetrius I, i å slå ned opprøret og Timarchus vart drepen. Men med Demetrius byrja oppløysinga av imperiet til selelvkidane, som starta hovudsakleg av intrigane til romarane. Kort tid etterpå, rundt 150, erobra den partiske kongen, Mithridates I Media.

Frå denne tida vart Media verande undersåttar til arsakidane eller partarane som endra namnet på Rhagae, eller Europus, til «Arsakia», og delte landet inn i fem små provinsar. Frå partarane gjekk det vidare i 226 til sasanidane saman med Atropatene.

På denne tida hadde dei eldre ariske stammene i Iran tapt dei distinkte kjenneteikna sine og hadde blanda seg til eitt folk, iranarane. Zoroastrismen blømde på ny og vart gjennomført av sasanidane overalt, som fullførte denne utviklinga. Det var berre først då at Atropatene vart hovudsetet for eldtilbedinga med mange eldalter. Arsakia (Rhagae) vart no den mest heilage byen i imperiet og setet til leiaren av det zoroastriske hierarkiet. Sasanidiske Avesta og tradisjonen om Parsees rekna difor Rhagae som heimen til profeten Zoroaster.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Limbert, John: «The Origins and Appearance of the Kurds in Pre-Islamic Iran» i: Iranian Studie sin, Vol. 1, No. 2, Spring 1968. Utdrag: «Although some scholars have dismissed the Kurds' claim of Median descent, linguistic and geographical evidence supports these claims. All Kurdish dialects have maintained the basic characteristics of Kurdish despite the wide dispersion of the tribes. This fact suggests that there was an ancient and powerful language from which the dialects evolved, which can be proved to be Median.»