Medardus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Medardus eller Medard, fransk Médard, Méard eller ved feilskriving Mars
Saint medard a saint medard d eyrans.jpg
Fødd470 (juliansk)
FødestadSalency
Daud8. juni 560
DødsstadNoyon
Yrkeprest
Helgendag8. juni
Vernehelgenbønder, bryggarar

Medardus eller Medard (4568. juni 545) var ein frankisk biskop, seinare rekna som helgen med minnedagen 8. juni (sjå Medardus og Gilardus).

Liv[endre | endre wikiteksten]

Medardus var fødd i Salency i Picardie. Far hans var Nectar eller Nectardus, ein adelsmann ved hoffet til Childerik I, og Protagie eller Protagia, ei gallo-romersk adelskvinne som skal ha konvertert ektemaken til kristendommen mot at ho gav opp eit jomfrueleg liv. Paret åtte store landeigedommar i Salency.

Fleire soger frå det tidlege livet hans skildrer Medardus som gåvmild. Ein gong skal han til dømes ha gjeve ein av hestane til far sin til ein mann som hadde mista sin og ikkje hadde råd til å kjøpa ein ny. Då faren fann det ut ville han straks leggja ut og henta hesten tilbake saman med Medardus. Dei blei råka av eit stort regnskyll, men Medardus blei ikkje blaut. Dette tok faren som eit teikn på at Gud sette pris på gåva.

Medardus studerte teologi og blei prestevigsla som 33-åring. Han blei utnemnd til biskop av Vermand i 530, men flytta etterkvart bispesetet til den større og tryggare byen Noyon. I 532 blei han også biskop av Tournai; dei to bispeseta var sameinte fram til 1146.

Biskopen var rådgjevar for kong Klotar I og gav nonnesløret til helgendronninga Radegund, ei av konene eller konkubinene til kongen.

Medardus døydde i Noyon.[1] Kong Klotar fekk han gravlagd ved eigedommen sin i Crouy (Croviacum) nær den kongelege byen Soissons. Ei soge om gravferda fortel at kista hans blei umogleg å rikka frå denne staden før kongen hadde gjeve heile eigedommen til kyrkja. Kongen skipa eit benediktinarkloster, Abbaye Saint-Médard, som blei reist over grava.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Medardus var ein mykje omtykt biskop, og det finst ei rekkje soger om han. Han blei dyrka som helgen i Nord-Frankrike, vestlege Tyskland og i Skandinavia. Biskop Medardus er blitt knytt til biskop Gildardus av Rouen, som ifølgje tradisjonen var broren hans, «fødd på same dag, vigd til biskop på same dag, og på same dag tekne frå livet.»[2] På den norske primstaven er dagen kjend som Medardus og Gilardus.

Ei soge om Medardus fortel at han ein gong blei verna frå regnet av ei flygande ørn. Han blei gjerne avbilda i denne situasjonen, og er sidan blitt knytt til vêret og folk som arbeider utandørs.[3][4] Eit fransk ordspråk om vêret seier «Quand il pleut à la Saint-Médard, il pleut quarante jours plus tard» - når det regner på Medardus-dagen, regnar det også førti dagar seinare.[5]

Helgenen er ofte avbilda leande med munnen open. Han er derfor blitt knytt til vernar mot tannverk. Andre ulukker han er rekna som hjelp mot er sterilitet og fangenskap. Han er vernehelgen for bønder, vindyrkarar, bryggjarar, fangar og mentalt sjuke.[3] Han skal ha vore opphavet til rosièreskikken , der den dydigaste jenta i ein landsby blir valt ut, krona med roser og leier eit opptog gjennom ladsnbyen.[6]

Den heilage Medardus har gjeve namn til 58 franske kommunar, som Saint-Merd-les-Oussines og Saint-Merd-de-Lapleau i Corrèze.[7] Han er avbilda på våpenskjoldet til den nederlandske kommunen Wessem og den tyske kommunen Lüdenscheid.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Adrien Baillet, Les vies des saints, 1701, 3 volumes (tome 9 - 1739)
  2. Nemnd mellom anna i den offisielle katolske martyrologien Martyrologium Romanum.
  3. 3,0 3,1 Aquinas and more website: St Medard
  4. SQPN Saints: St Medard
  5. The Wordsworth Dictionary of Phrase and Fable. Wordsworth Reference. s. 726. 
  6. La Vie quotidienne des religieux au Moyen Âge, Léo Moulin - 1981
  7. Jacques Baudoin (2006), Éditions créer, red., Grand livre des saints: culte et iconographie en Occident  Unknown parameter |passage= ignored (|pages= suggested) (hjelp)
  8. Heraldry of the World (in Dutch)
  • Dahlby, Frithiof: Helgondagar, Diakonistyr., Stockholm 1958 (swe). Libris 103926.