Medby kapell
Utsjånad
| Medby kapell | |||
| kyrkje | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Troms | ||
| Kommune | Senja | ||
| Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
| Bispedøme | Nord-Hålogaland | ||
| Prosti | Senja | ||
| Fellesråd | Torsken | ||
| Material | Tre | ||
| Innvigd | 29. august 1937 | ||
| Klokker | 1, O. Olsen & Søn (1965) | ||
| Preikestol | Harry Nygård (1956) | ||
| Døypefont | Karl Andreassen (1939) | ||
| Altartavle | Anne Hansen (1967) | ||
| Orgel | Vestre orgelfabrikk | ||
| Sitjeplassar | 170 | ||
![]() Medby kapell 69°16′52″N 17°02′49″E / 69.281164°N 17.046812°E | |||
Medby kapell er eit bedehuskapell, ei langkyrkje i Medby i Senja kommune i Troms. Det er av tre og har 170 sitjeplassar.[1]
Kapellet vart opphavleg oppført som bedehus i Holmenvær like etter 1890. Der vart det brukt til 1933. I 1936 vart huset tatt ned og ført opp att i Medby, med vigsling 29. august 1937. Bedehuset vart nytta til kyrkjelege handlingar. I 1967 fekk huset påbygd kor, sakristi, kjøken, ein liten sal mm. Huset vert òg kalla Midtbygdens bedehuskapell.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Rasmussen.
- Torsken kommune: Medby kapell[daud lenkje]
- Arthur Brox (1965). Berg og Torsken bygdebok 2: Bygdehistoria. s. 404–405.
- Alf Henry Rasmussen (1993). «Medby kapell, Medby». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 131. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Medby kapell i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
