Medesøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Illes Medes sett frå stranda ved L'Estartit. Meda Gran er nærast.
Carall Bernat, ei bratt klippe som er høgare enn ho er brei.

Illes Medes (katalansk) eller Islas Medas (spansk) er ei lita, kupert øygruppe nordvest i Middelhavet. Dei ligg nær kysten, like aust for kystbyen L'Estartit i Spania.

Meda Gran, den største av dei, har eit areal på 1,8 km² og er den einaste større øya i øygruppa. Ho har noko middelhavsvegetasjon og eit fyr frå 1800-talet. Den nest største øya er Meda Xica på berre 0,24 km².

Carall (eller Cavall) Bernat, Tascons Grossos, Medellot, Tascons Petits og Ferrenelles er nesten berre bratte klipper som stikk opp av sjøen.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Øyane vart ein del av eit verneområde i 1983 og er eit viktig marint reservat vest i Middelhavet.

Trass i øydeleggingane forureining frå industrien og masseturismen på middelhavskysten har gjort, er det framleis eit biologisk mangfald i farvatnet rundt øyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 42°03′N 03°13′E