MediaWiki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
MediaWiki-logo

MediaWiki er ei wiki-programvareløysing utgjeve under GNU General Public License. Han er skriven i PHP og er avhengig av ein MySQL-eller PostgreSQL-database for å lagra informasjon.

MediaWiki vart opphavleg skrive for Wikipedia av den tyske studenten og Wikipedia-brukaren Magnus Manske. Leksikonet brukte tidlegare eit enklare program kalla UseModWiki («fase 1»). Den engelske utgåva av Wikipedia skifa til Manske sitt nye program («fase 2») 25. januar 2002. Denne dagen er gjennom eit dekret frå Jimmy Wales i Wikipediasamfunnet kjent som «Magnus Manske-dagen».

Ein omskrive og forbetra versjon av fase 2-programvaren vart kjent som «fase 3». Programmet fekk namnet MediaWiki.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]