MediaWiki:Uploadtext

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Me oppfordrar alle brukarane til å dele filer med heile Wikimedia-systemet ved å laste dei opp til Wikimedia Commons. Sjå Wikipedia:Filopplasting for hjelp til kva ein kan laste opp og korleis ein bør gjere det.

Last opp filer til Commons
Last opp filer til Commons

Om du likevel vil laste opp ei fil lokalt til Nynorsk Wikipedia, til dømes om du meiner ho berre kan brukast her, brukar du boksen under. Merk at alle filene som blir lasta opp blir frigjevne, slik at dei framleis kan bli flytta til Commons om andre brukarar meiner at dei også bør vera tilgjengelege for andre.

For å laste opp ei fil brukar du «Bla gjennom...» eller «Browse...»-knappen, som opnar ein standarddialog for val av fil. Når du vel ei fil, vil namnet hennar dukke opp i tekstfeltet ved sida av knappen. Skriv inn all nødvendig informasjon i Samandrag-feltet, kryss av at du ikkje bryt opphavsretten til nokon, og klikk til slutt på Last opp fil.

Merk: Fila kan bli sletta dersom du ikkje følgjer retningslinjene:

  • Gje detaljert informasjon om kjelda til fila. Dersom du laga ho sjølv, så skriv det. Dersom du fekk ho frå Internett, gje link til sida du fekk ho frå.
  • Spesifiser korleis fila er lisensiert. Sjå opphavsrettmerke for filer for malar som kan brukast til dette.
  • Lag ei lenkje til fila (eller legg biletet inn) på ei relevant side, og skildre ho på filskildringssida.
  • For å bruke eit bilete i ein artikkel, skriv inn ei lenkje av dette slaget: [[{{ns:6}}:Eksempelbilete.png|bilettekst]], eller [[{{ns:-2}}:Eksempelfil.ogg]] for lydar og andre filer. For å leggje inn eit bilete som miniatyr, skriv [[{{ns:6}}:Eksempelbilete.jpg|mini|Bilettekst]]. Sjå Hjelp:Visa bilete for meir informasjon.
  • Bruk eit forståeleg filnamn!: Gje fila heller namnet «Eiffeltårnet, Paris, natt.jpg» enn «etpan1024c.jpg»; heller «Portrett av Harald Hårfagre 1033.jpg» enn «Hårfagre.jpg». Dette er mykje meir skildrande og vil hindre at du lastar opp ei fil med same namn som ei eksisterande fil (skulle dette skje, vil du få spørsmål om å stadfeste).

Sjå hjelp for filopplasting for meir informasjon om korleis dette skjemaet fungerer og korleis ein brukar filer på wikisider. Sjå Wikipedia:Filtypar for informasjon om kva filtypar som bør brukast.