Media Farm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Media Farm A/S er eit Stavanger-basert selskap som utviklar interaktive lærings- og museumsløysingar. Dei har spesialisert seg på installasjonar innan besøks- og vitensenter. Konsepta bryt med tradisjonell utstillings- og museumstankegang. I installasjonane inngår gjerne interaktive rollespel der dei besøkjande går inn som ein aktiv deltakar i aktuelle tema.

Gjennom å skapa rom for oppleving og læring har selskapa tidlegare vunne store kontraktar som ”Minitinget” på Stortinget sitt besøks- og læringssenter, ”Unionsoppløysninga” til Utanriksdepartementet si 100-årsmarkering og ”Deadline” ved Stavanger Aftenblad sitt besøkssenter.

I 2011 leverte Media Farm eit rollespel til besøkssenteret i Europaparlamentet. Dette skulle vera for besøkjande frå alle EU-landa, og vart såleis laga på 23 språk. Besøkssenteret i Brussel er på heile 5000 kvadratmeter.

I samarbeid med Arkidea blei Media Farm valt ut til å utvikla utstillinga til Nasjonalt GarborgsenterBryne. Den skal vera klar til senteret opnar i 2012, og har ei kostnadsramme på omkring 13 millionar kroner. Til dette utviklar dei eit rollespel om ein framtidig konflikt mellom språka norsk og engelsk.

Dagleg leiar er Knut Nøst.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]