Meditasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Djainnonner mediterer i Brindavan. (Foto: Claude Renault)

Meditasjon er ein teknikk for å konsentrera sinnet, som regel brukt for å utvikla seg andeleg eller roa seg ned. Han blir særleg brukt i samband med austlege religionar som hinduisme, buddhisme og djainisme, der han har ein svært lang tradisjon.

Under meditasjon er det vanleg å fokusera på éin enkelt ting, som ei staving (som aum), eit mantra (som Na Nach Nachma), eit bilete (som ein mandala), eller eit objekt (som eit levande lys eller sin eigen ande). Det er vanleg å sitja stille i lang tid når ein mediterer, gjerne med krosslagde bein og særleg i den såkalla lotusstillinga, men ein kan òg meditera medan ein ligg eller går.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Sjiva, hinduisk asketgud som er kjend for å meditera
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.