Medley i symjing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Medleysvømming)
4 x 100 m medleystafett under World Aquatic Championships 2017 i Budapest.

Medley i symjing er ein kombinasjon av fire ulike symjestilar i ein distanse.[1] Ein kan symja medley både som individuell øving og som stafett.

Individuell medley[endre | endre wikiteksten]

I individuell medley symm den same symjaren like lange distanser i fire ulike stilar. Rekkjefølgja er:[2]

  1. Butterfly
  2. Rygg
  3. Bryst
  4. Fristil (crawl) (alle symjestilar er lov bortsett frå butterfly, bryst- eller ryggsymjing[3])

Tevlingar[endre | endre wikiteksten]

Ein tevlar både nasjonalt og internasjonalt på følgjande distansar: 100 m, 200 m, 400 m.

  • 100 m individuelt: Berre i kortbanebasseng (25 m). Er ikkje olympisk øving.
  • 200 m individuelt: Både i kortbane- og langbanebasseng. Dette var olympisk øving i OL 1968 i Mexico by, og frå og med OL 1984 i Los Angeles har øvinga vore fast på programmet.
  • 400 m individuelt: Både kortbane og langbane. Har vore OL-øving sidan OL 1964 i Tokyo.

Medleystafett[endre | endre wikiteksten]

Medleystafett (også kalla lagmedley) blir symd av lag med fire deltakarar, der kvar deltakar sym ein etappe. Ryggsymjing er den første disiplinen, sidan ryggsymjarane startar frå vatnet. Rekkjefølgja er:

  1. Rygg
  2. Bryst
  3. Butterfly
  4. Fristil (crawl)

Tevlingar[endre | endre wikiteksten]

Ein tevlar i:

  • 4 * 50 m medleystafett: Berre i kortbanebasseng, og er ikkje ei olympisk øving.
  • 4 x 100 meter medley: Både i kortbane- og langbanebasseng. Har stått på det olympiske programmet sidan OL 1960 i Roma..

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bryhn, Rolf (20. februar 2018). «Medley». Store norske leksikon. Henta 26. januar 2019. 
  2. Gifford, Clive (1. september 2009). Swimming. Marshall Cavendish. s. 25. ISBN 9780761444626. Henta 7. august 2012. 
  3. 2013 USA Swimming Rule Book, 101.5.2 Stroke