Medregent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalkstein-stele som viser Hatshepsut (midten, til venstre) i blå krone (khepresh og medregentent Thutmose III bak henne kvit krone (hedjet), nær Wosret. Frå 1473–1458 f.Kr., 18. dynastiet i Egypt.[1]

Medregent eller samregent er ein regent eller monark som deler makt og status med ein eller fleire andre. Makta kan til dømes vera delt mellom slektningar, som foreldre og barn, sysken eller ektepar.

Formelle ordningar der styret av eit land er delt mellom to eller fleire regentar blir kalla diarki (to), triarki eller triumvirat (tre) eller tetrarki (fire). Romarriket hadde til dømes fleire slike ordningar, og keisarane av Vestromarriket og Austromarriket var formelt sett medkeisarar medan Vestromarriket eksisterte.

Medregentar i valrike[endre | endre wikiteksten]

I valkongedøme kan det vera vanleg å ha medregentar, som i norrøne kongedøme og i Det tysk-romerske riket. Dersom det er strid om krona eller ein far til dømes ønskjer å etablera ein son som herskar, kan to eller fleire ulike kongar herska saman. Det kan også utnemnast ein medregent om kongen er utanlands eller ute av stand til å styra grunna sjukdom eller alderdom.

Det tysk-romerske riket var eit valrike. Ingen personar hadde ein lovleg rett til å ta over trona, sjølv om han var i slekt med den noverande keisaren. Keisaren kunne, og gjorde ofte det, han ein slektning (som regel son), som han valde til å etterfølgje seg etter han døydde. Denne utpeikte arvingen bar tittelen «konge av romarane». Valet av denne var på same måte som den eldre herskaren, og tydde teoretisk sett at dei to mennene var medregentar av riket.

I Danmark var Harald Klak samkonge med bror sin Reginfred frå 812 til 813, og med to søner av Gudfred i 819–823 og 826–827. Harald Blåtann var ifølgje flere krøniker medkonge med far sin, Gorm den gamle, i fleire år.

I Noreg var Magnus den gode og farbroren Harald Hardråde medkongar i 1047, etter at dei hadde vore i strid om kravet på krona. Magnus Lagabøte og faren Håkon Håkonsson var medkongar i 1263, då Håkon la ut på tokt mot Skottland.

Maktdeling mellom kvinner og menn[endre | endre wikiteksten]

I monarki med krav på ein mannleg monark der ein manglar ein tydeleg mannleg arving kan ein kvinneleg monark med arverett vera medregent med til dømes ein ektemann. Mora til ein konge som ikkje er myndig kan vera regent for han fram til han kan styra sjølv. Nokre monarki kan ha ei fast ordning der ein kvinneleg slektning av ein mannleg monark også har ei rolle som regent.

I mange tradisjonelle afrikanske monarki har dronningmora ei viktig rolle som medregent. Dette gjeld særleg i matrilineære monarki, det vil seia der trona følgjer kvinnelinja. Dronningmora er som regel mora til den sitjande kongen, eller ein annan kongeleg slektning.

I Georgia utrope kong Giorgi III (1156-1184) dottera si Tamar til medherskar og tronarving i 1178, og sikra slik tronfølgja ette at han døydde. Ho var i sin tur medregent med sonen Giorgi IV frå 1207.

Ferdinand og Isabella av Spania er eit kjent døme på eit ektepar som regjerte saman. Dei var monarkar for kvart sitt kongedøme, Aragon og Castilla, men gjekk gjennom ekteskapet sitt inn i ein personalunion som sameinte Spania til eit rike.

Då kong Jakob II av England blei avsett til fordel for dottera si, Maria II, i den ærerike revolusjonen, blei ho og mannen Vilhelm av Oranien utnemnde til medregentar.

Keisarinne Maria Teresia av Austerrike var offisielt medregent med ektemannen, Frans Stefan, og seinare med sonen Josef. Det var likevel ho sjølv som hadde den absolutte makta i riket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Stele of Hatshepsut and Thutmose III – Vatican Museums» (på engelsk). Henta 3. desember 2018.