Ryggmerg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Medulla spinalis)
Ryggmergen i menneskekroppen, vist i gult.
Ryggmergen (vist i raudt) koplar hjernen til nervene i kroppen

Ryggmergen (latin medulla spinalis) er ein lang, tynn og røyrforma bunt av nervevev og gliaceller som strekkjer seg frå den forlenga mergen i hjernestamma til den lumbale delen av ryggsøyla. Hjernen og ryggmergen utgjer sentralnervesystemet. Ryggmergen byrjar i bakhovudbeinet og strekkjer seg ned til rommet mellom fyrste og andre lendevirvel; den strekkjer seg ikkje like langt som ryggsøyla. Den er omkring 45 cm lang hjå menn og 43 cm hjå kvinner. Mergen har varierande tjukkleik, og spenner frå 13 mm i hals- og bukområdet til 6.4 mm i brystområdet. Ryggsøyla omsluttar ryggmergen og vernar den mot trauma. Ryggmergen sender nervesignal mellom hjernen og resten av kroppen, og inneheld mellom anna nervenettverk som styrar refleksar og CPG-ar. Ryggmergen har tre hovudfunksjonar, nemleg å fungere som ei kanalisering for motorisk informasjon som strøymer nedover ryggmergen; som ei kanalisering for sensorisk informasjon i motsett retning; og som eit senter for koordineringa av visse refleksar.[1]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Ryggmergen er hovudstien for informasjon og koplar hjernen til det perifere nervesystemet. Lengda av ryggmergen er mykje kortare enn ryggsøyla. Ryggmergen hjå menneske strekkjer seg frå foramen magnum og held fram mot conus medullaris i nærleiken av andre lendevirvel, og terminerar i ei fibrøs forlenging kjent som filum terminale.

Den er omkring 45 cm lang hjå menn og 43 cm lang hjå kvinner. Den er eggforma, og har ei forstørring i hals- og bukområdet. Sanseinntrykk stammar frå den forstørra ryggmergen i halsen, mellom C3 og T2, og motorinntrykk reiser frå denne og ut i armane. Forstørringa i bukområdet, mellom L1 og S3, tek hand om sanseinntrykk og motorinntrykk som går til og frå beina.

Ryggmergen er omgjeven av tre lag med cellevev, kalla hjernehinner, som omgjev kanalen. Senehinna ligg ytst og dannar eit solid vern. Mellom dura mater og det omgjevande beinet i ryggvirvlane finn ein epiduralrommet. Epiduralrommet er fylt av feittvev og eit nettverk av blodårer. Spindelvevshinna ligg i midten. Namnet kjem av at vevet likar eit spindelvev. Rommet mellom spindelvevshinna og den underliggande årehinna vert kalla subaraknoidalrommet. Subaraknoidalrommet inneheld cerebrospinalvæske. Ved lumbalpunksjon brukar ein ei nål for å trekke ut cerebrospinalvæske frå subaraknoidalrommet, oftast frå bukregionen av ryggsøyla. Årehinna er den inste av hjernehinnene. Den er veldig delikat og har ei tett tilknyting til overflata av ryggmergen. Mergen er stabilisert inni senehinna av påkopla ligamentum denticulatum, som strekkjer seg frå årehinna sidelengds mellom dei bakre og fremre nerverøtene. Duralsekken sluttar på høgd med andre krossvirvel.

I eit tverrsnitt av ryggmergen er den perifere delen fylt av områder med kvit substans, som inneheld sensoriske og motoriske nerver. Innanfor denne regionen ligg grå substans. Nervecellene i den grå substansen finst i dei tre kolonnene i ryggmergen og dannar ei sommarfuglform. Denne regionen omgjev canalis centralis medullae spinalis, som er ei forlenging av den fjerde ventrikkelen og inneheld cerebrospinalvæske.

Ryggmergen har ei form som er komprimert dorsoventralt, noko som gjev den ei elliptisk form. Mergen har trakter langs dei bakre og fremre sidene. Den bakre trakta vert kalla sulcus medianus posterior medullae spinalis, medan den fremre trakta vert kalla fissura mediana anterior medullae spinalis. Nokre av traktene i ryggmergen fraktar informasjon frå hjernen.

Ryggmergssegment[endre | endre wikiteksten]

Ryggmergen er delt inn i 31 ulike segment. På kvart segment vert det forma høgre- og venstreliggande par av ryggmargsnerver (blanda; sensoriske og motoriske). Mellom seks og åtte nerverøter greinar ut av høgre og venstre ventrolateral sulci. Nerverøter går saman for å forme nervestammer. Sensoriske nerverøter vert forma av høgre og venstre dorsal lateral sulci for å forme sensoriske nervestammer. Ventrale (motoriske) og dorsale (sensoriske) røter går saman og formar ryggmergsnerver (blanda; motorisk og sensorisk), éin på kvar side av ryggmergen. Ryggmergsnerven, med unntak av C1 og C2, formar på innsida av intervertebral foramen (IVF). På kvart ryggmergssegment kan ein sjå ei grense mellom det sentrale og perifere nervesystemet. Nerverøter er ein del av det perifere nervesystemet.

I den øvre delen av ryggsøyla går ryggmargsnervene direkte ut frå ryggmergen, og i den nedre delen går nervene lenger ned langs søyla før dei strøymer ut. Terminalenden av ryggmergen vert kalla conus medullaris. Årehinna fortset som ei forlenging og vert kalla filum terminale, som koplar ryggmergen til halebeinet. Cauda equina («hestehalen») er namnet på samlinga av nerver i ryggsøyla som går langs ryggsøyla og forbi conus medullaris. Cauda equina vert forma fordi ryggmergen stoppar å vokse i lengd i ein alder av fire, medan ryggsøyla veks i lengd fram mot vaksenlivet. Dette fører til at sakrale ryggmargsnerver faktisk oppstår i den øvre bukregionen.

Ryggmergen kan anatomisk delast inn i 31 segment basert på opphavet av ryggmergsnerver. Kvart segment har tilknyting til eit par med spinalganglier, kalla dorsalrotsganglion, som ligg rett utanfor ryggmergen. Desse gangliene inneheld cellelekamar av sensoriske nerver. Aksonar frå desse nervene går inn i ryggmergen gjennom dorsalrøtene.

Ventrale røter er samansett av aksonar frå motoriske nerver, som fraktar informasjon til periferiet frå cellelekamar i sentralnervesystemet. Dorsale og ventrale røter kjem saman og strøymer ut av den intervertebrale foramina, der dei blir til ryggmergsnerver. Eit grått horn i midten av mergen er forma som ein sommarfugl og er samansett av cellelekamar av internevronar, motoriske nerver, gliaceller og umyeliniserte nervefiber. Det ventrale og dorsale gråe hornet dannar ein projeksjon av grå substans. Dei grå horna og den grå kommissuren formar ein «grå H».

Den kvite substansen ligg utanfor den grå substansen og er i hovudsak samansett av fullstendig myeliniserte motoriske og sensoriske aksonar. «Søyler» av kvit substans fraktar informasjon anten oppover eller nedover ryggmergen.

I sentralnervesystemet vert cellelekamar av nerver ofte organiserte i funksjonelle klyster, kalla kjerner. Aksonar i sentralnervesystemet vert grupperte i traktar.

Det finst 31 segment av ryggmergsnerver i menneske:

  • 8 cervikale (hals-) segment som formar 8 par av halsnerver (C1-ryggmergsnerver strøymer ut av ryggsøyla mellom bakhovudbeinet og C1-virvelen; C2-nervene strøymer ut mellom den fremre bogen av C1-virvelen og lamina av C2-virvelen; C3-C8-nervene går gjennom intervertebral foramen over korrespondernade halsvirvlar, med unntak av C8-paret, som strøymer ut via den intervertebrale foramen mellom C7- og T1-virvlane
  • 13 torakale (bryst-) segment som formar 12 par av brystnerver (som strøymer ut av ryggsøyla gjennom intervertebral foramen, under korresponderande virvlar T1-T12)
  • 5 lumbale (buk-/lende-) segment som formar 5 par av lendenerver (som strøymer ut av ryggsøyla gjennom intervertebral foramen, under korresponderande virvlar L1-L5)
  • 5 sakrale (krossbeins-) segment som formar 5 par av krossnerver (som strøymer ut av ryggsøyla gjennom intervertebral foramen, under korresponderande virvlar S1-S5)
  • 1 coccygealt segment som formar éi halenerve

I eit foster korresponderar halssegmenta med ryggmergssegmenta. Sidan ryggsøyla veks lenger enn ryggmergen så korresponderar ikkje ryggmergssegmenta med halssegmenta i vaksne personar, særleg i den nedre ryggmergen. Lumbale og sakrale ryggmergssegment finst mellom ryggvirvlane T9-L2, og ryggmergen sluttar kring lendevirvel L1/L2, og formar ein struktur kjent som conus medullaris.

Sjølv om cellelekamar i ryggmergen sluttar kring L1/L2, så strøymer ryggmergsnervene for kvart segment ut på høgd med korresponderande ryggvirvel. Nervene i den nedre ryggmergen strøymer ut av ryggsøyla mykje lågare (meir kaudalt) enn røtene deira. Når desse nervane går ut frå dei respektive røtene og ut av ryggsøyla formar dei ein bunt som vert kalla cauda equina.

Det finst to regionar der ryggmergen er utvida:

  • Cervikal forstørring — svarar til nervane i armnerveflettinga, som innververar den øvre lemmen. Den femner om ryggmergssegmenta frå C4 til T1. Dei vertebrale nivåa av forstørringa er omkring like store (C4-T1).
  • Lumbal forstørring — svarar til nervane i plexus lumbosacralis, som innerverar den øvre lemmen. Den femner om ryggmergssegmenta frå L2 til S3 og finst rundt dei vertebrale nivåa T9-T12.
Eit segment av ryggsøyla og ryggmergen. Nerverøtene kjem ut frå sidene av (den skjulte) ryggmergen.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Ryggmergen vert laga frå delar av nerverøyret ved utvikling. Når nerverøyret modnar byrjar notokord å skilje ut ein faktor kjent som Shh. Ekskresjonen av Shh fører til at basalplata utviklar motoriske nervar. Den overliggande ektoderm skiljer ut beinmorfogenetisk protein (BMP). Dette fører vidare til at alarplata skiljer ut BMP, slik at denne kan byrje å danne sensoriske nervar. Alarplata og basalplata er separerte av sulcus limitans. Golvplata skiljer ut proteinet netrin. Netrina virkar som kjemoattraktantar ved decussatio av sensoriske smerte- og temperaturnervar i alarplata, på tvers av den fremre kvite kommissuren, der dei stiger opp mot talamus.

Nylige studiar av Viktor Hamburger og Rita Levi-Montalcini i kyllingembryoar har gjeve fleire prov for at eliminasjonen av nerveceller via programmert celledød er naudsynleg for korrekt samansetnad av nervesystemet.

Spontan embryonisk aktivitet har blitt vist å spele ei rolle i utvikla av nervar og musklar, men er truleg ikkje involvert i den innleiiande formasjonen av sambindingar mellom ryggmergsnervar.

Blodforsyning[endre | endre wikiteksten]

Ryggmergen får blod frå tre arteriar som følgjer lengda margen og som byrjar i hjernen, samt ei rekkje arteriar som ligg langs sidene av ryggsøyla. Dei langsgåande arteriane vert kalla dei fremre spinalarteriane, samt høgre og venstre bakre spinalarteriar.[2] Desse strekker inn i subaraknoidalrommet og har avgreiningar inn i ryggmergen. Dei formar anastomosar (sambindingar) via den fremre og bakre arteria medullaris segmentalis, som går inn i ryggmergen på fleire stadar.[2] Blodet flyter kaudalt (mot hovudet) gjennom desse arteriane, og stammar frå den fremre hjernesirkulasjonen, men er ikkje tilstrekkeleg til å forsyne ryggmergen over halsområdet.

Hovudforsyninga av blod til ryggmergen under halsregionen kjem frå dei radialt arrangerte fremre og bakre radikulære arteriane, som går inn i ryggmergen langs dei dorsal og ventrale nerverøtene. Ingen av desse er kopla til dei tre langsgåande arteriane, med unntak av éin.[2] Desse interkostale og lumbale radikulære arteriane oppstår frå aorta, dannar store anastomosar, og gjev tilskot til blodstraumen i ryggmergen. I menneske er den største av dei fremre radikulære arteriane kjent som «Adamkiewicz' arterie», som vanlegvis oppstår mellom L1 og L2, men som kan oppstå alle plassar mellom T9 og L5.[3] Nedsett blodstraum mellom desse kritiske arteriane, særleg ved kirurgiske inngrep som brått stoppar blodstraumen gjennom aorta, til dømes ved reparasjon av aortaaneurisme, kan føre til ryggmergsinfarkt og paraparese.

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen nyttar anatomisk terminologi. For ei oversikt, sjå anatomisk terminologi.
  1. Maton, Anthea; Jean Hopkins; Charles William McLaughlin; Susan Johnson; Maryanna Quon Warner; David LaHart; Jill D. Wright (1993). Human Biology and Health. Englewood Cliffs, New Jersey, USA: Prentice Hall. s. 132–144. ISBN 0-13-981176-1. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Moore, Keith; Anne Agur (2007). Essential Clinical Anatomy, Third Edition. Lippincott Williams & Wilkins. s. 298. ISBN 0-7817-6274-X. 
  3. Biglioli, Paolo; et alia (April 2004). «Upper and lower spinal cord blood supply: the continuity of the anterior spinal artery and the relevance of the lumbar arteries». Journal of Thoracic and Cardiovascular Surgery 127 (4): 1188–1192. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Ryggmerg