Medusa
Medusa | |||
![]() | |||
Mor | Keto | ||
---|---|---|---|
Far | Forkys, Gorgon | ||
Sambuar | Poseidon | ||
Barn | Chrysaor, Pegasus |

Medusa var ein av gorgonane i den greske mytologien. Ansiktet hennar omgitt av slangar enda på skjoldet til den greske gudinna Atene. Figuren er kjend for at håret hennar består av slangar. Utsjånaden hennar var så frykteleg at einkvan som såg på henne blei forsteina.[1]
Medusa var dotter av Forkys og Ketos. Ho hadde to søstrer, og var den einaste døyelege av dei tre.
Tidlege tolkingar av myten fortalde at Medusa og søstrene hennar var fødd som uhyre. Seinare blir Medusa skildra som ei vakker ung jente, men då Poseidon valdtok henne i tempelet til Athene, blei gudinna så sint at ho forvandla den mishandla jente til eit uhyre med slangehår.
Medusa blei drepen av den greske sogehelten Persevs. Han hadde lånt ein hjelm av guden Hades som gjorde han usynleg. I tillegg lånte han det spegelblanke skjoldet til Pallas Athene. Deretter reid han til verdas ende og fann Medusa. Ho kunne ikkje sjå han, fordi han var usynleg, men ho kunne høyra kvar han var. Perseus nytta skjoldet til Pallas Athene som spegel. Medusa blei forsteina då ho såg det fryktelege spegelbiletet sitt. Raskt trakk han sverdet sitt og hogg hovudet av henne. Blodet som vella fram blei til ein snøkvit hest med venger. Det var Pegasus, som Medusa hadde gått svanger med etter at Poseidon valdtok henne. Perseus sette hovudet til Medusa i beltet sitt og brukte det til å frelsa Andromeda frå havuhyret Ketos – faren til Medusa. Orfikerne såg hovudet til Medusa i fullmånen. Ho blei til ein demon som held andre demonar på avstand.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Brill's New Pauly, s.v. Gorgo.
- ↑ Jørgen Hansen: Englene og al deres væsen (s. 37), forlaget Gyldendal, København 1996, ISBN 87-00-12114-2
- Denne artikkelen bygger på «Medusa» frå Wikipedia på dansk, den 27. april 2025.