Medvednica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Medvednica
fjell
Land  Kroatia
Høgd 1 033 moh.
Lettast tilkomst Bil
Koordinatar 45°55′N 15°58′E
Kart
Medvednica
45°55′55″N 16°03′26″E / 45.931944444444°N 16.057222222222°E / 45.931944444444; 16.057222222222
Wikimedia Commons: Medvednica

Medvednica er eit fjell sentralt i Kroatia, like nord for Zagreb, og markerer den sørlege grensa for det historiske området Zagorje. Den høgaste toppen på 1 033 m vert kalla Sljeme, eit namn som stundom vert brukt om heile fjellet. Medvednica kan omsetjast som «bjørnfjellet».

Det meste av Medvednica er ein naturpark, og dekkjer eit område på 228,26 kvadratkilometer. Om lag 63 % av parken er dekt av skog.

Det ligg eit skisenter på nordsida av fjellet mot Sljeme. Senteret har vore vertskap for tre verdscuprenn i slalåm for kvinner, i januar 2005-2007. Det er planar om eit verdscuprenn i slalåm for menn her i februar 2008.

Det finst tre måtar å kome til toppen av fjellet på: Med bil, til fots (det finst mange turstiar) eller med ein hengebane, som startar frå den tidlegare landsbyen Gračani. Banen har gått sidan 1963, og tar fire passasjerar. Turen opp tar 23 minutt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]