Mirabai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Meera)
Mirabai

Måleri av Mirabai.
Statsborgarskap India
Fødd 1498, 1504
Merta, Kudki
Død

1546, 1547, 1552
Dwarka

Yrke Songarinne
Tema Ekstatisk samband med og lengt etter guddomen Krisjna
Periode Indisk mellomalderlitteratur
Rørsle Bhakti-rørsla
Sjanger Bhakti-poesi
Religion Hinduismen
Ektefelle Bhoj Raj
Mirabai på Commons

Mirabai (ca. 1498–ca. 1547) var ein hinduisk songar og diktar frå Rajasthan. Namnet kan også skrivast som Meera, Mira eller Meera Bai. Mange legender blir knytt til livet hennar, og songane hennar blir framleis sungne overalt i India, mellom anna på oppbyggjande møte blant hinduar.[1] Det finst hundrevis av religiøse songar (pada) som blir sagt å ha Mirabai som opphavskvinne, utan at det er mogleg å seie kven av dei som er ekte. Ifølgje professor John Stratton Hawley finst det berre éin song med signaturen hennar som kan førast attende til det 16. hundreåret, då Mirabai levde.[2] Songane til Mirabai skildrar på glødande vis det fromme tilhøvet hennar til Krisjna, som altfor sjeldan kjem henne i møte. Åtskiljinga frå Gud (viraha) og lengta etter han er det viktigaste temaet i diktinga hennar. Ein reknar med at Mirabai talte språket marwari. Seinare vart songane hennar påverka av braj-dialekten av hindi.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

familie og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det finst ingen pålitelege førstehandskjelder om livet til Mirabai. Det finst heller ingen opplysningar om henne i kongelege kjelder, fordi stamtavlene til kongefamiliane i Rajasthan berre fokuserer på dei mannlege slektslinjene.[3] Moderne forskarar har freista å rekonstruere livssoga til Mirabai med utgangspunkt i sekundærlitteraturen som omtaler henne. Mirabai var ei radjput-prinsesse og det einaste barnet til Ratan Singh, den yngre broren til herskaren over Merta. Den kongelege oppsedinga hennar innebar undervising i både musikk og religion, så vel som i politikk og statsstell. Som ung skal ho ha fått eit bilete av Krisjna i gåve av ein heilag mann, og det vart startskotet for eit liv langt liv som ein følgjar av Krisjna, som ho tilbedde som sin heilage elskar.

Tilbedar av Krisjna[endre | endre wikiteksten]

Mirabai sitt Krisjna-tempel ved Chittorgarh-fortet.

I 1516 vart Mirabai gifta bort til Bhoj Raj, kronprinsen av Mewar. Bhoj Raj døydde i 1521, truleg grunna skader han fekk i eit slag, og i ettertid vart Mirabai utsett for intrigar og forfølging frå svigerbroren då han fekk trona og frå etterfølgjaren hans, Vikram Singh. Mirabai levde ikkje opp til dei typiske forventingane ein hadde til ei prinsesse og enkje på denne tida, og ho nytta mesteparten av tida si i Krisjna-tempelet, der ho tok i mot heilage menn (sadhu) og pilegrimar som kom til henne frå alle delar av India, attåt å komponere songar om Krisjna. Ifølgje Bhaktamal (norsk «laurbærkrans av helgenar»), ei samling stutte, biografiske dikt komponert rundt år 1600, freista svigerfamilien å snikmyrde Mirabai med gift, men då ho drakk vart gifta til eliksir i halsen hennar. Ein annan gong vart ein giftslange send til henne i ei korg med blomar, men då ho opna korga vart slangen gjort om til eit bilete av Krisjna.

Forsvinning[endre | endre wikiteksten]

Til slutt forlét Mirabai Mewar og drog attende til Merta. Sidan den uvanlege oppførselen hennar ikkje vart akseptert der heller, sette ho ut på pilegrimsferd før ho etterkvart slo seg ned i Dwarka. I 1546 sende Udai Singh, som hadde etterfølgd Vikram Singh som herskar over Mewar, ein flokk braminar til Mirabai for å overtale henne om å vende attende til Mewar. Legenda fortel at ho skal ha bedd om løyve til å vere natta over i tempelet til Krisjna, og morgonen etter var ho forsvunnen. Ifølgje indisk folketru skal ho på mirakuløst vis ha smelta saman med biletet av Krisjna, men det er uråd å seie om ho faktisk døydde den natta eller om ho sneik seg ut or tempelet og levde resten av livet i løynd.

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Autensitet[endre | endre wikiteksten]

Mirabai tilhøyrer den sterke bhakti-tradisjonen i indisk mellomalderpoesi, som legg vekt på kjærleiken til Gud gjennom bruken av analogiar frå mellommenneskelege relasjonar. For Mirabai sin del kjem dette til uttrykk ved at ho skildrar Krisjna som sin ektemann og elskar: «Krishna er min eneste. Han som på sitt hode bærer påfuglkronen, han er min ektemann» syng ho.[4] Det er samstundes vanskeleg å stadfeste kor mange dikt som faktisk har Mirabai som opphavsperson. Til skilnad frå andre bhakti-songarar frå same tidsperioden finn ein ikkje manuskript der songane hennar er samla. Det kan vere fleire grunnar til dette. Kanskje er ho ikkje like synleg fordi ho var kvinne, eller det kan henge saman med at ho ikkje tilhøyrde ei sekt og at ingen sekter tok namnet hennar til inntekt for seg sjølv. Ein annan mogleg årsak kan vere at songane hennar ikkje vart nedskrivne på eit tidleg tidspunkt, trass ryet hennar som ein framifrå songar.[2]

Det finst berre éin song som trygt kan sporast attende til det hundreåret då Mirabai levde. Likevel er det ingen tvil om at Mirabai-poesien har vokse og gått gjennom ei blømingstid i hundreåra sidan ho levde.[5] Så langt har forskarar berre klart å finne om lag 25 dikt frå tida fram til det 17. hundreåret. Til saman veit ein berre om seks dikt knytt til Mirabai frå før år 1600, og berre eitt av desse dikta er vanlegvis inkludert i dei mest kjende samlingane av dikta hennar. Såleis er det mogleg å hevde at mange av dei mest populære dikta knytt til Mirabai, for ikkje å snakke om dei munnlege og skriftlege versjonane av poesien hennar som sirkulerer i India, på mange måtar har eit uttrykk som er meir nærskyld det 19. hundreåret enn den historiske tida då Mirabai sjølv levde.[6]

Mirabai-museet i Merta i Nagaur.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Statuar av Krisjna og Mirabai ved føtene hans i eit tempel i Chittorgarh.

Dikta til Mirabai skildrar eit ekstatisk samband med guddomen Krisjna, og fortvilinga som følgjer når dette sambandet med Krisjna glir bort frå henne. Dikta hennar reflekterer både romantisk, menneskeleg lidenskap og ei åndeleg erkjenning av guddomleg kjærleik. Ifølgje den amerikanske forfattaren Jane Hirshfield inneheld Mirabai sine dikt «...alle fargane i menneskets hjarte».[7]

Den norske indologen Knut Kristiansen skriv at dikta til Mirabai har ein sentral plass i den eldre hindulitteraturen. Språkforma hennar er ei blanding av fleire dialekter, og synest såleis å stadfeste tida hennar på vandring og dei lange opphalda på heilage stader. Dikta er skrivne i stutte strofer med rim og refreng i kunstferdige versemål, og blir sunge i eit utal melodiar, ragaer, i harmoni med klassisk, indisk musikkteori. Som bhakti-dikting skildrar versa menneskets lengt etter Gud som i miskunn ser til ei sannferdig menneskesjel. Samstundes står ho ganske aleine andsynes tradisjonen: der andre bhakti-songarar gjerne skildrar Krisjna som eit lite barn eller ein forførande, ungdommeleg elskar, er han for Mirabai først og fremst ein ektemann. Dersom han er borte frå henne, brenn ho av lengt: «Gud tier. Søvn besøker ikke lenger mine øyne. Guds fravær piner meg. Lysene i templet er blindt mørke. Uten min herre er sengen utålelig. Våken ligger jeg netter til ende. Når vil min herre komme?».[8]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Dikta til Mirabai er jamt populære i heile India, og er særleg høgvyrde i heimstaten Rajasthan. Det finst fleire tempel vigde Mirabai og/eller Krisjna.

Det har blitt laga minst ti filmar om livet hennar, som Meera (1945) på tamil med M.S. Subbulakshmi i hovudrolla og hindifilmen Meera (1979) av Gulzar med Hema Malini i hovudrolla. Historiene som verserer om livet til Mirabai har også vore med på å forme framstillinga av heltinner i både verdslege og religiøse filmar. Ho var også den første bhakti-songaren som vart innlemma i Amar Chitra Katha, ein teikneserie laga for hinduiske barn. Mirabai har vore tema for eit utal akademiske konferansar, og på ein internasjonal konferanse ved UCLA i 2002 vart ho utropt til «hinduhelgen for ei global verd».[9] Ti av dikta hennar er omsette og publiserte på norsk i antologien Bhagavadgita og andre hinduistiske skrifter. Internasjonalt har dei amerikanske poetane Jane Hirshfield og Robert Bly samarbeidd om ei engelskspråkleg attdikting av Mirabai i det dei kallar for «versjonar» av dikta hennar i Ecstatic Poems: Mirabai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Mirabai» i Store norske leksikon, snl.no.
  • «Mira Bai», Encyclopædia Britannica, 2017 
  • Bly, R. (2004). A Few Words About Mirabai. I Ecstatic Poems: Mirabai. Boston: Beacon Press.
  • Hirshfield, J. (2004). Mirabai's Teachings. I Ecstatic Poems: Mirabai. Boston: Beacon Press.
  • Mirabai. (1988). I Vogt, K., Lie, S., & Gundersen, K., Kvinnenes kulturhistorie. B. 3 : Orientens kvinner (s. 150-151). Oslo: Universitetsforlaget.
  • Stratton Hawley, J. (2004). Afterword. I Ecstatic Poems: Mirabai Boston: Beacon Press.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert Bly (2004). «A Few Words About Mirabai». Ecstatic Poems. Mirabai. Boston: Beacon Press. s. XII. ISBN 978-0-8070-6387-3. 
  2. 2,0 2,1 John Stratton Hawley (2004). «Afterword». Ecstatic Poems. Mirabai. Boston: Beacon Press. s. 68. ISBN 978-0-8070-6387-3. 
  3. John Stratton Hawley (2004). «Afterword». Ecstatic Poems. Mirabai. Boston: Beacon Press. s. 83. ISBN 978-0-8070-6387-3. 
  4. Kvinnenes kulturhistorie. Bind 3: Orientens kvinner. Universitetsforl. 1988. s. 150. ISBN 8200184552. 
  5. John Stratton Hawley (2004). «Afterword». Ecstatic Poems. Mirabai. Boston: Beacon Press. s. 68-69. ISBN 978-0-8070-6387-3. 
  6. John Stratton Hawley (2004). «Afterword». Ecstatic Poems. Mirabai. Boston: Beacon Press. s. 85-86. ISBN 978-0-8070-6387-3. 
  7. Jane Hirshfield (2004). «Mirabai's Teachings». Ecstatic Poems. Mirabai. Boston: Beacon Press. s. xxiii. ISBN 978-0-8070-6387-3. 
  8. Kvinnenes kulturhistorie. Bind 3: Orientens kvinner. Universitetsforl. 1988. s. 150-151. ISBN 8200184552. 
  9. John Stratton Hawley (2004). «Afterword». Ecstatic Poems. Mirabai. Boston: Beacon Press. s. 67-68. ISBN 978-0-8070-6387-3.