Mefjorden ved Nordkapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mefjorden er ein fjordarm av Vestfjorden, som ligg like ved sjølve Nordkapp, på Magerøya i Nordkapp kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 1 km sørover til botn av fjorden, som ligg like vest for Skarsvåg.

Fjorden har innløp mellom Støvelneset i vest og Børneset i aust. Det kjende landemerket Kjerkeporten ligg på austsida av fjorden. Inst i fjorden ligg eit lite bruk, som er den einaste busetnaden ved fjorden.

Koordinatar: 71°6′48.272″N 25°47′39.055″E