Mehammarsåto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mehammarsåto (høgste toppen) sett ifrå øklandsområdet på Tysnes.
Toppen til Mehammarsåto dekt med snø sett ifrå Tysnes.

Mehammarsåto eller Mehammarsåta er det høgaste fjellet på øya Stord i Sunnhordland og når opp til 749 moh. Det ligg aust på øya, i Stord kommune, berre nokre hundre meter frå grensa til Fitjar.

Namnet kjem av staden Mehammar, som ligg nordaust for fjellet. Mehammarelva er ein bekk som går frå Mehammarsåto til Langenuen.

Det går tursti opp til fjellet frå E39 ca ein km nord for Jektevik.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.