Mehamnfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Mehamnfjorden (samisk Donnjevuotna) er ein fjord på nordsida av Nordkinnhalvøya i Gamvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 6 km sørover til tettstaden Mehamn.

Fjorden har innløp mellom Smørbringen i vest og Kamøynæringen i aust. Vest for Smørbringen ligg Magkeilfjorden og aust for Kamøynæringen ligg Skittenfjorden. Ved Vedvikneset, som strekkjer seg nordover i fjorden frå Mehamn, går Normannsethfjorden inn mot aust, medan Mehamnfjorden fortset mot sør. Ved Steinfjordneset går sidearmen Steinfjorden inn mot vest, og ved Vardholmen går Sørfjorden mot sør, medan Mehamnfjorden går mot aust inn til Mehamn og havneområdet der.

Koordinatar: 71°3′56.131″N 27°52′0.55560″E