Mehanken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mehanken er ein springar som har vore mykje nytta i Valdres, men som og finst i Sogn. Slåtten er eit tydeleg døme på tradisjonsmateriale som har vandra fram og attende mellom Sogn og Valdres (som Skinntrøya). Namnet Mehanken skriv seg frå eit visebrot som har vore kjend i Øystre Slidre og som er måta til slåtten, ev. som slåtten har vorte dikta over. Etter Guri Hegge er dette nedskrive:

Mehanken ytte ut jødnbåten sin,
han rakla so langt nord med strendo.
Han spende i me beino si
so det knaka i tøfto og bøndo.
No ha e rott i femta år,
o åridn ligge i keipo.
femta par hanska te åre e sleit,
o endå gjore de vont uti greipo.

Spelmannen Ola Bøe song stevet i noko meir samantrengt form, kanskje for å få stevet til å høve den raske springartakta:

Mehanken gjorde se jødnbåt
so reiste han sø med løndo
so spente`n i me bakføto si
so det braka i alle bøndo.

Steva er forma som firelina balladestrofer, og også innhaldet peiker i retning av at det kan vera ein rest av ei gamal skjemteballade i stil med Tordivelen og flua. Ein Mehank er dialekt for myhank.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har nr 478 i hardingfeleverket, og det er trykt opp fem variantar.

.