Mehrgarh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Relieffkart over Pakistan og nordvestre India som viser plasseringa av Mehrgarh, Harappa og Mohenjo-daro.
Ein kvinnefigur funnen i Mehrgarh frå ca. 3000 f.Kr.

Mehrgarh (urdu م‍ﮩ‍رگڑھ ) er ein arkeologisk funnstad frå yngre steinalder (neolittisk tid) frå ca. 7000 f.Kr. til 2000-talet f.Kr. Det ligg på Kachisletta i dagens Balutsjistan i Pakistan.

Den eldste busetjinga her, i det nordaustre hjørnet av funnstaden, var ein liten landsby som var busett frå rundt 6500 f.Kr.[1] Han er ein av dei eldste funnstadene med spor etter jordbruk og dyrehald i Sør-Asia.[2] Ein dyrka kveite, bygg, jujube og dadlar og heldt storfe, sauer og geiter.[3] Det blei drive handel slik at dei hadde tilgang på turkis frå Iran og Sentral-Asia, lapis lazuli frå dagens Nord-Afghanistan og skjel frå kysten av Arabiahavet.[1] Boring i jekslar til fleire folk gravlagde på staden kan vera eit av dei eldste døme på tannlækjarkunst i historia.[4]

Mehrgarh ligg på vestbreidden av Bolanelva og nær Bolanpasset, ein fjellovergang gjennom Toba Kakar-fjella i vestlege Pakistan, rundt 120 km frå den noverande grensa mot Afghanistan. Det ligg mellom dagens pakistanske byar Quetta, Kalat og Sibi og vest for Indusdalen. Funnstaden blir i dag rekna som ein forløpar for Induskulturen. Mehrgarh var busett samanhengjande fram til rundt 2600 f.Kr.[5]

Området omfattar fleire menneskalaga høgder (kjend som tell i arkeologien). Staden blei oppdaga i 1974 av ei arkeologisk gruppe leia av franske Jean-François Jarrige og Catherine Jarrige. Det rundt 2 km² store omådet blei grove ut frå 1974 til 1986, og igjen frå 1997 til 2000. Dei arkeologiske sjikta går over 11 meter ned.[2] Ein har gjort arkeologiske funn i seks haugar, til saman rundt 32 000 ulike leivningar.[1]

Periodar[endre | endre wikiteksten]

Arkeologar deler busetjingane av området inn i åtte periodar.

Mehrgarh-periode I[endre | endre wikiteksten]

Periode I (ca. 7000 f.Kr.–5500 f.Kr.) høyrer til yngre steinalder. Han var akeramisk (utan bruk av keramikk og steintøy) fram til rundt 6000 f.Kr.[2] Det tidlegaste jordbruket i området ser ut til å ha blitt utvikla av et halvnormadiske folk som til ein viss grad nytta plantar som kveite og bygg, og heldt husdyr. Jakt verker å ha vore hovudkjelda til kjøt, men etterkvart ser ein ut til å ha halde geiter og seinare zebufe.[6]

Mehrgarh-innbyggjarane bygde enkle leirbygningar med fleire indre rom, vanlegvis fire. Bygningane med fire rom har eldstader og ber preg av å ha vore budde i, medan dei med fleire rom ikkje har det, og kan ha vore lagerbygningar.[7] Ein har også funne eldstader i dei opne romma mellom husa. Mange av dei inneheld brende steinar eller leirkuler som ein reknar med har vore brukt til koking av mat.[8] Pigment og fragment av veggar viser at husa kan ha vore måla raude eller med geometriske mønster i raudt og svart.[8] Plassering av bygningane med nokså regelmessige opne rom imellom skil seg frå typiske steinalderbusetnader frå Vest- og Sentral-Asia, der ein gjerne har meir uregelmessige storleikar klynga tettare saman.[9]

Det er funne talrike gravplassar frå denne tida, alltid med samanbøygde skjelett.[10] Mange graver har omfattande gravgods som korger, stein- og beinreiskapar, perler, smykke og tidvis også dyreoffer. Rundt eller under fleire skjelett fann ein raud oker.[11] Korgene kunne tettast med naturleg asfalt.[12] Asfalt blei også brukt til å laga verktøy, til dømes til å festa steinblada på sigder til treskaft.[13]

Både gravene og funn frå verkstader viser at ein laga ei rekkje pyntegjenstander av skjel, kalkstein, turkis, lapis lazuli, sandstein og kleberstein.[10] Dei små perlene og produksjonen av kvit kleberstein gjennom å varma han opp peiker på spesialisering i samfunnet allereie i denne tidlege perioden.[14] Mot slutten av perioden byrja ein å produsera enkel keramikk.[12]

Fysisk var gjennomsnittshøgda 170 cm for menn og 160 cm for kvinner, men nokre kvinner var opptil 175 cm høge. Dette peiker på generelt god helse og eit næringsrikt kosthald blant innbyggjarane. Gravane frå denne perioden inneheld også det eldste arkeologiske dømet på tannlækjarkunst. Ni individ hadde bora hol i jekslene.[12][15]

Periode I høyrer til eit utgravingsområde som blir kalla MR3.

Mehrgarh-periode II og III[endre | endre wikiteksten]

Periode II (5500 f.Kr.–4800 f.Kr.) og III (4800 f.Kr.–3500 f.Kr.) høyrer også til yngre steinalder, men brukte keramikk og etterkvart også kopar. Ein har gjort funn frå periode II i utgravingsområdet MR4 og frå periode III i MR2.[1] Mange bygningar frå periode II er bygd oppå ruinar og nedslamma bygningar frå periode I.[16] Mange av funna frå periode II liknar mykje på dei frå periode I, og vitnar om kontinuitet mellom periodane. Ein skilnad er likevel at gravene inneheld særs lite gravgods, bortsett frå nokre få perler i nokre av dei.[16]

Frå periode II ser jordbruk ut til å ha vore hovudnæringa.[1] Nokre av bygningane var tydeleg brukt som kornlager.[16] Det meste, rundt 90 % av kornet, var bygg.[17]

Frå periode II har ein gjort relativt få funn av steingods, men i periode III har mengden auka. Det finst døme på masseproduksjon, bruk av eldbor og pottemakarhjul. Ein har også funne statuettar menneske og dyr frå denne perioden.[1]

Periode II og III er samtidige med buestjingar ved vestre del av Sør-Asia, som Rana Ghundai, Sheri Khan Tarakai, Sarai Kala, Jalilpur og Ghaligai.[1]

Mehrgarh-periode IV, V og VI (3500 f.Kr.-3000 f.Kr.)[endre | endre wikiteksten]

Periode IV var frå 3500 til 3250 f.Kr. Periode V var frå 3250 til 3000 f.Kr. og periode VI frå rundt 3000 BCE.[18] Funn frå desse periodane høyrer til arkeologiområdet MR1.[1]

Mehrgarh-periode VII (2600 f.Kr.-2000 f.Kr.)[endre | endre wikiteksten]

Mellom 2600 f.Kr. og 2000 f.Kr. verker staden å ha blitt forlaten til fordel for den større, befesta byen Nausharo rundt 8 km unna. Historikaren Michael Wood føreslår at dette fann stad rundt 2500 f.Kr.[19] På denne tida var Induskulturen i mellomsteget av utviklinga si.

Mehrgarh-periode VIII[endre | endre wikiteksten]

Den siste perioden knytt til Mehrgarh er funne ved Sibri-gravlunden, rundt 8 kilometers unna Mehrgarh.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Sharif, M; Thapar, B. K. (1999). «Food-producing Communities in Pakistan and Northern India». I Vadim Mikhaĭlovich Masson. History of civilizations of Central Asia. Motilal Banarsidass Publ. s. 128–137. ISBN 978-81-208-1407-3. Henta 7 September 2011. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Archaeological Site of Mehrgarh, UNESCO World Heritage Centre, 30/01/2004 
  3. Hirst, K. Kris. 2005: «Mehrgarh». Guide to Archaeology
  4. «Stone age man used dentist drill», BBC News
  5. Possehl, Gregory L. 1996: «Mehrgarh». Oxford Companion to Archaeology, redigert av Brian Fagan. Oxford University Press, Oxford.
  6. Jarrige 2006, s. 143.
  7. Jarrige 2006, s. 140-1.
  8. 8,0 8,1 Jarrige 2006, s. 141.
  9. Jarrige 2006, s. 142.
  10. 10,0 10,1 Jarrige 2006, s. 145.
  11. Jarrige 2006, s. 146-7.
  12. 12,0 12,1 12,2 Jarrige 2006, s. 149.
  13. Jarrige 2006, s. 144.
  14. Jarrige 2006, s. 148-9.
  15. Coppa, A. et al. 2006: «Early Neolithic tradition of dentistry: Flint tips were surprisingly effective for drilling tooth enamel in a prehistoric population». Nature. Volume 440. 6. april 2006.
  16. 16,0 16,1 16,2 Jarrige 2006, s. 150.
  17. K. Kris Hirst (10. september 2016), Mehrgarh, Pakistan - Life in the Indus Valley Before Harappa 
  18. Maisels, Charles Keith. Early Civilizations of the Old World. Routledge. s. 190–193. 
  19. Wood, Michael (2005). In Search Of The First Civilizations. BBC Books. s. 257. ISBN 978-0563522669. Henta 20 May 2016. 
Bibliografi

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 29°12′45″N 67°40′15″E