Meijirestaurasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Meiji-keisaren dreg frå Kyoto til Tokyo i 1868. Frå Le Monde Illustre i 1869.
Saigō Takamori, «den siste samuraien», var ein av dei som utløyste Meijirestaurasjonen.

Meijirestaurasjonen (japansk 明治維新 meiji ishin) var ei rad hendingar som fann stad i Japan frå 1866 til 1869, med 1868 som det mest avgjerande året. Han innleidde det historiske tidsrommet kjend som Meiji ('opplyst styre') i Japan, og førte til ei rekkje endringar i dei politiske og sosiale strukturane i landet. Keisaren som kom til makta under Meijirestaurasjonen fekk det posthume namnet Meiji Tenno.

Keisarstyre[endre | endre wikiteksten]

Den eigentlege «restaurasjonen» fann stad då den siste shogunen, Tokugawa Yoshinobu, gav makta attende til keisaren av Japan den 9. november 1867 og sa frå seg embetet sitt ti dagar seinare. Dette markerte slutten på Edo-perioden, som hadde vart frå 1600.

I januar 1868 braut Boshinkrigen ut der den tidlegare shogunen sine styrker blei nedkjempa av hærane frå Chōshū og Satsuma. Etter dette kunne den tidlegare shogunen fråtakast all makt som så i namnet blei tilbakeført til keisaren.

Meijirestaurasjonen førte med seg at tidlegare føydale klassar (daimyoar og samuraiar) blei avskaffa til fordel for eit nytt oligarki. Han gjorde også ei rask industrialisering av Japan mogleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]