Mein liebster Jesus ist verloren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mein liebster Jesus ist verloren
BWV 154
Kantate av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1724
Første framføring 9. januar 1724
Publiseringsdato 1886
Typisk lengd 15:23
Satsar 8

Mein liebster Jesus ist verloren, BWV 154, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1724 for første sundag etter trettande dag jul. Stykket vart framført på nytt 1736-1737 i Leipzig.

Teksten er skriven av Martin Jahn (tredje sats) og Christian Keymann (sats 8), medan femte sats er henta frå Evangeliet etter Lukas 2: 49 og resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaa er basert på salmane «Werde munter, mein Gemüthe» og «Meinen Jesum laß ich nicht». Den førstnemnde er komponert av Johann Schop og kom først ut i hans Himlische Lieder (Drittes Zehn) i Lüneburg i 1642. Den andre melodien vart komponert av Andreas Hammerschmidt (1611 eller 1612 - 1676) og kom først på trykk i Fest-, Buß- und Danklieder for fem stemmer og fem instrument. Denne samlinga var tilskriven kurfyrstinne Magdalena Sibylla av Sachsen og trykt 29. oktober 1658 i Zittau.

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for to oboar d’amore, to oboar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt tre songsolistar (alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av åtte satsar:

  1. «Mein liebster Jesus ist verloren», Arie for tenor
  2. «Wo treff' ich meinen Jesum an», Resitativ for tenor
  3. «Jesu, mein Hort und Erretter», Koral
  4. «Jesu, laß dich finden, laß doch meine Sunden», Arie for alt
  5. «Wisset ihr nicht, daß ich sein muß in dem», Arioso for bass
  6. «Dies ist die Stimme meines Freundes», Resitativ for tenor
  7. «Wohl mir, Jesus ist gefunden», Duett for alt & tenor
  8. «Meinen Jesum laß' ich nicht», Koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]