Meir Shfeya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°35′25.22″N 58°14.3′″EUgyldige argumenter ble sendt til {{#coordinates:}}-funksjonen
Meir Shfeya
landsby
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°35′25.22″N 58°14.3′″EUgyldige argumenter ble sendt til {{#coordinates:}}-funksjonen
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Me'ir Shfeya

Meir Shfeya (hebraisk skrift מֵאִיר שְׁפֵיָה) er ein ungdomslandsby og jordbrukskostskule nord i Israel. Han ligg nær Zikhron Ya'akov og høyrer til Hof HaCarmel regionale kommune. I 2006 budde det 300 studentar her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Meir Shefya, 1925

Landsbyen vart grunnlagd i 1891 som ein moshava like ved Zikhron Ya'akov. Namnet er ein kombinasjon av Meir, kalla opp etter Amschel Mayer (Meir) Rothschild, bestefaren til baron Rothschild, og ei forvansking av Shveia, ein nærliggande landsby.[1]

I 1904 grunnla Israel Belkind, som starta Bilu, ein skule i landsbyen, som tok inn foreldrelaus ungar frå Kishinev-pogromen. Dette gjorde han til den første ungdomslandsbyen i landet. Han kalla staden Kiryat Sefer.[1]

I 1917 vart Herzliya hebraiske vidaregåande skule mellombels flytta til landsbyen fordi jødane vart drivne ut frå Tel Aviv og Jaffa under fyrste verdskrigen. Fyrste verdskrigen etterlet mange foreldrelause barn i Jerusalem. Ein jenteskule kalla Alizas omsorgssenter vart grunnlagd på staden.[1]

Landsbyen vart nytta som treningsbase for Hagana på grunn av den avsidesliggande plasseringa i fjella. I 1957 vart han driven i lag med staten og har sidan den gong eksistert som ein ungdomslandsby.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]