Meirverdi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Meirverdi er intervallet (skilnaden/avstanden mellom) verdiauken noko(n) (typisk ein arbeidar) tilfører noko (t.d. ei råvare) og utgiftene til tilverkinga (som i all hovudsak typisk vil vere løn).

Omgrepet er sentralt i marxistisk økonomisk teori.[1] Meirverdien som utgjer skilnaden mellom verdien på den tilverka gjenstanden og løna arbeidaren får utbetalt, vil falle til kapitaleigaren som profitt.

Definisjonen ovanfor dekkjer ikkje alle tilfella omgrepet blir nytta på. Når det kjem til t. d sal av verksemder, kan goodwil reknast som ein meirverdi av verksemda. I goodwill-tilfellet reknar ein ut meirverdien ved å sjå differansen mellom verdien på verksemda sine aktiva og vederlags-summen/kjøps-/salsprisen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «merverdi». Store norske leksikon (på norsk). 12. februar 2018.