Meisterligaen 1995

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i meisterligafinalen 1995 - Ajax i mørkeblått

Meisterligaen 1995 var den 3. rekka av den mest prestisjetunge turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den nederlandske klubben Ajax vann turneringa den 24. mai 1995 på Ernst Happel-stadion i Wien ved å sigre med 1-0 mot det italienske klubben AC Milan i finalekampen. Innbytaren Patrick Kluivert avgjorde kampen med ei skåring i det 85. minutt.

49 730 såg kampen frå tribunane.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Ajax: Edwin van der Sar, Michael Reiziger, Danny Blind, Frank Rijkaard, Frank de Boer, Clarence Seedorf, Edgar Davids, Jari Litmanen, Ronald de Boer, Finidi George og Marc Overmars. Seedorf og Litmanen gjekk ut i høvesvis det 54. og 69. minutt, inn kom Nwankwo Kanu og Patrick Kluivert.

Milan: Sebastiano Rossi, Christian Panucci, Franco Baresi, Alessandro Costacurta, Paolo Maldini, Roberto Donadoni, Marcel Desailly, Demetrio Albertini, Zvonimir Boban, Daniele Massaro og Marco Simone. Etter at Ajax skåra kom Gianluigi Lentini og deretter Stefanio Eranio inn i staden for Boban og Massaro.

Den rumenske dommaren Ion Crăciunescu var kampleiar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]