Meisterligaen 1997

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i meisterligafinalen 1997 - Borussia i gult

Meisterligaen 1997 var den 5. i rekka av den mest prestisjetunge turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den tyske klubben Borussia Dortmund vann turneringa den 28. mai 1997 på Olympiastadion i München etter å ha slått det regjerande meisterlaget Juventus med 3-1. Ved pause leiia Borussia 2-0 etter skåringar av Karl-Heinz Riedle. Alessandro Del Piero reduserte i det 64. minutt, før Lars Ricken la på til 3-1 i det 71. minutt.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Borussia Dortmund: Stefan Klos, Jürgen Kohler, Matthias Sammer, Martin Kree, Stefan Reuter, Jörg Heinrich, Paul Lambert, Paulo Sousa, Andreas Möller, Karl-Heinz Riedle, Stéphane Chapuisat. Målskåraren Riedle gav plass til Heiko Herrlich midtvegs i 2. omgang. Like etter gjekk også Chapuisat av bana, inn kom Lars Ricken som omgåande skåra. I sluttminuttane kom Michael Zorc inn og Möller gjekk ut.

Juventus: Angelo Peruzzi, Sergio Porrini, Ciro Ferrara, Paolo Montero, Mark Iuliano, Didier Deschamps, Angelo Di Livio, Vladimir Jugović, Zinédine Zidane, Alen Bokšić og Christian Vieri. Porrini måtte vike plass i pausa, inn kom Alessandro Del Piero. Nicola Amoruso erstatta Vieri i det 73. minutt og Alessio Tacchinardi fekk kome inn i sluttminuttane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]