Meisterligaen 2002

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2002 - Real Madrid i kvitt

Meisterligaen 2002 var den 10. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den spanske klubben Real Madrid vann turneringa den 15. mai 2002 på Hampden Park i Glasgow med siger 2-1 over tyske Bayer Leverkusen. Raúl González sende Real Madrid i føringa i det 8. minutt, seks mnuttar seinare utlikna Lúcio Ferreira. Sekundar før pause vart Zinédine Zidane matchvinnar.

Real Madrid sikra seg dermed sin tredje triumf i Meisterligaen sidan turneringa tok til i 1992.

Lagoppstillingane[endre | endre wikiteksten]

Real Madrid: César Sánchez, Míchel Salgado, Fernando Hierro, Iván Helguera, Roberto Carlos, Claude Makélélé, Luís Figo, Santiago Solari, Zinédine Zidane, Raúl González og Fernando Morientes. Utover i 2. omgang kom etter tur Steve McManaman, målvakta Iker Casillas og Flávio Conceição inn i staden for Figo, Sánchez og Makélélé.

Bayer Leverkusen: Jörg Butt, Zoltan Sebescen, Boris Živković, Lúcio Ferrerira, Diego Placente, Carsten Ramelow, Bernd Schneider, Michael Ballack, Thomas Brdarić, Yıldıray Baştürk og Oliver Neuville. Dimitar Berbatov kom inn for Brdarić i det 39. minutt, Ulf Kirsten tok plassen til Sebescen i det 65. minutt og Marko Babić kom inn då Lúcio forlet bana i sluttsekundane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]