Meisterligaen 2006

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2006 - Barcelona øvst

Meisterligaen 2006 var den 14. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den spanske klubben FC Barcelona vann turneringa den 17. mai 2006 på Stade de France i Saint-Denis med siger 2-1 over engelske Arsenal FC. 77 500 tilskodarar såg finalekampen.

Sol Campbell gav London-laget leiinga i det 37. minutt. Skåringar ved Samuel Eto’o og innbytaren Juliano Belletti i det 76. og 81. minutt snudde kampen i spansk favør.

Triumfen var den fyrste for FC Barcelona i Meisterligaen, 15 år etter laget vann den siste Europacupen.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Barcelona: Víctor Valdés, Oleguer Presas, Rafael Márquez, Carles Puyol, Giovanni van Bronckhorst, Edmílson, Deco, Mark van Bommel, Ludovic Giuly, Samuel Eto'o og Ronaldinho. Andrés Iniesta tok plassen til Edmílson etter pause, medan Henrik Larsson og Juliano Belletti kom på bana etter høvesvis 61 og 69 minuttar, ut gjekk Bommel og Oleguer.

Arsenal: Jens Lehmann, Emmanuel Eboué, Kolo Touré, Sol Campbell, Ashley Cole, Robert Pires, Gilberto Silva, Cesc Fàbregas, Aljaksandr Hljeb, Fredrik Ljungberg og Thierry Henry. Målvakt Lehmann vart utvist i det 18. minutt, då Pires vart teken av bana og målvakta Manuel Almunia kom innpå. Fàbregas måtte vike for Mathieu Flamini i det 74. minutt og Hljeb for José Antonio Reyes i det 85.

Terje Hauge frå Olsvik Idrettslag i Bergen vart den fyrste norske dommar som dømde ein meisterligafinale i fotball.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]