Meisterligaen 2007

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2007 - Milan i kvitt

Meisterligaen 2007 var den 15. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den italienske klubben AC Milan vann turneringa den 23. mai 2007 på Olympiastadion i Aten med siger 2-1 over engelske Liverpool FC. 71 030 tilskodarar såg finalekampen.

Filippo Inzaghi sende Milan framom straks før pause, og la på til 2-0 i det 82. minutt. Kort før slutt reduserte Dirk Kuijt for Liverpool.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Milan: Dida, Massimo Oddo, Alessandro Nesta, Paolo Maldini, Marek Jankulovski, Gennaro Gattuso, Andrea Pirlo, Massimo Ambrosini, Clarence Seedorf, Kaká og Filippo Inzaghi. Kacha Kaladse kom inn i staden for Jankulovski i det 80. minutt, medan Alberto Gilardino og dertter Giuseppe Favalli erstatta høvesvis Inzaghi og Seedorf i dei siste minuttane av kampen.

Liverpool: Pepe Reina, Steve Finnan, Jamie Carragher, Daniel Agger, John Arne Riise, Xabi Alonso, Javier Mascherano, Jermaine Pennant, Steven Gerrard, Boudewijn Zenden og Dirk Kuijt. Harry Kewell fekk plassen til Zenden i den 59. minutt, Peter Crouch tok over plassen til Mascherano i det 78. minutt og Álvaro Arbeloa kom inn då Finnan gjekk ut i det 88. minutt.

Herbert Fandel frå Tyskland dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]