Meisterligaen 2008

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2008 - Manchester United i raudt

Meisterligaen 2008 var den 16. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den engelske klubben Manchester United vann turneringa den 21. mai 2008 på Olympiastadion i Moskva etter straffesparktevling. Finalekampen mot engelske Chelsea FC enda 1-1 etter ekstraomgangar. Cristiano Ronaldo gav Manchester United leiinga i det 26. minutt, Frank Lampard utlikna til 1-1 sekundar før pausesignalet let. I straffeskytinga mislukkast United på tredje forsøket, før Chelsea hadde eit stangskot i femte forsøk og den sjuande straffen vart redda av United-målvakta.

Det var andre gongen Manchester United vann Meisterligaen.

Lagoppstillingane[endre | endre wikiteksten]

Manchester United: Edwin van der Sar, Wes Brown, Rio Ferdinand, Nemanja Vidić, Patrice Evra, Owen Hargreaves, Paul Scholes, Michael Carrick, Cristiano Ronaldo, Wayne Rooney og Carlos Tévez. Ryan Giggs kom inn for Scholes like før ordinær tid var ute, Nani tok Rooney sin plass etter 100 minuttar og Anderson Oliveira straks før kampen gjekk til straffetevling.

Chelsea: Petr Čech, Michael Essien, Ricardo Carvalho, John Terry, Ashley Cole, Claude Makélélé, Michael Ballack, Frank Lampard, Joe Cole, Didier Drogba og Florent Malouda. Salomon Kalou spelte ekstraomgangane i staden for Malouda, Anelka kom for Joe Cole i 1. ekstraomgang og Juliano Belletti steig på bana heilt til slutt i kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]