Meisterligaen 2010

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i meisterligafinalen 2010 - Inter i stripete drakter

Meisterligaen 2010 var den 18. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den italienske klubben FC Internazionale vann turneringa den 22. mai 2010 på Santiago Bernabeu-stadion i Madrid ved å sgire med 2-0 over tyske Bayern München. Begge måla i kampen vart sett inn av Diego Milito, det fyrste i det 35. og det andre i det 70. minutt.

74 954 tilskodarar såg finalen frå tribunane.

Finalelaga[endre | endre wikiteksten]

Inter: Júlio César, Maicon, Lúcio, Walter Samuel, Cristian Chivu, Javier Zanetti, Esteban Cambiasso, Wesley Sneijder, Samuel Eto'o, Diego Milito og Goran Pandev. Dejan Stanković tok plassen til Chivu i det 68. minutt, Sulley Muntari kom på bana då Pandev gjekk av i det 79. minutt og Marco Materazzi kom inn i sluttsekundane.

Bayern München: Jörg Butt, Philipp Lahm, Daniel Van Buyten, Martín Demichelis, Holger Badstuber, Mark van Bommel, Bastian Schweinsteiger, Arjen Robben, Thomas Müller, Hamit Altıntop og Ivica Olić. Miroslav Klose kom inn i det 63. og Mario Gómez i det 74. minutt, ut gjekk Altıntop og Olić.

Howard Webb dømde finalekampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]