Meisterligaen 2014

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2014 - Real Madrid i kvitt

Meisterligaen 2014 var den 22. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den spanske klubben Real Madrid vann turneringa den 24. mai 2014 på Estádio da Luz i Lisboa med siger 4-1 over byrivalen Atlético Madrid. Finalekampen gjekk til ekstraomgangar då det etter ordnær tid stod 1-1 mellom dei to laga; Diego Godín sende Atlético i føringa i 36. minutt, medan Sergio Ramos utlikna sekundar før ordinær tid var ute. I andre ekstraomgang skåra både Gareth Bale, Marcelo Vieira og Cristiano Ronaldo for Real, den siste på straffespark.

Real Madrid sikra seg dermed sin fjerde triumf i Meisterligaen sidan turneringa tok til i 1992.

Lagoppstillingane[endre | endre wikiteksten]

Real Madrid: Iker Casillas, Dani Carvajal, Sergio Ramos, Raphaël Varane, Fábio Coentrão, Luka Modrić, Sami Khedira, Ángel Di María, Gareth Bale, Karim Benzema og Cristiano Ronaldo. I det 59. minutt kom Marcelo Vieira og Isco Alarcón inn i staden for Coentrão og Khedira, medan Benzema vart bytta med Álvaro Morata i det 79. minutt.

Atlético Madrid: Thibaut Courtois, Juanfran Torres, João Miranda, Diego Godín, Filipe Luís, Raúl García, Tiago, Gabi Fernández, Koke Resurrección, Diego Costa og David Villa. Costa vart skadd i det 9. minutt, inn kom Adrián López. José Ernesto Sosa og Toby Alderweireld kom på bana ut i 2. omgang, ut gjekk García og Luís.

Nederlendaren Björn Kuipers dømde kampen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]