Meisterligaen 2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lagoppstillingane i Meisterligafinalen 2016 - Real Madrid i kvitt

Meisterligaen 2016 var den 24. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar; UEFA Champions League. Den spanske klubben Real Madrid vann turneringa den 28. mai 2016 på Giuseppe Meazza-stadion i Milano, gjennom å sigre over byrivalen Atlético Madrid. Etter 120 minuttar spel stod det 1-1 mellom dei to laga, etterat Real tok leiinga då Sergio Ramos frå kort hald tuppa ballen i mål etter 15. minuttar, medan Yannick Carrasco utlikna i det 79. minutt. I den avsluttande straffeskytinga skåra Real Madrid på alle fem forsøk, så etter at fjerdemann hos Atlético Madrid hadde sett ballen i stanga, var kampen avgjort.

Real Madrid sikra seg dermed sin femte triumf i Meisterligaen sidan turneringa tok til i 1992.

Lagoppstillingane[endre | endre wikiteksten]

Real Madrid: Keylor Navas, Dani Carvajal, Sergio Ramos, Pepe, Marcelo Vieira, Toni Kroos, Carlos Casemiro, Luka Modrić, Gareth Bale, Karim Benzema og Cristiano Ronaldo. I andre omgang kom etter tur Danilo Luiz da Silva, Isco Alarcón og Lucas Vázquez inn for høvesvis Carvajal, Kroos og Benzema.

Atlético Madrid: Jan Oblak, Juanfran Torres, Stefan Savić, Diego Godín, Filipe Luís, Saúl Ñíguez, Gabi Fernández, Augusto Fernández, Koke Resurrección, Antoine Griezmann og Fernando Torres. Augusto Fernández vart bytta ut med Yannick Carrasco i pausa, medan Lucas Hernández og Thomas Partey entra bana i 2. ekstraomgang. Ut gjekk Luís og Koke.

Mark Clattenburg frå England dømde oppgjeret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]