Meisterligaen 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Meisterligaen 2017 var den 25. årgangen av den viktigaste turneringa for europeiske fotballklubbar, UEFA Champions League. Den spanske klubben Real Madrid vann turneringa den 3. juni 2017 på Millennium stadion i Cardiff etter finalesiger 4-1 mot italienske Juventus frå Torino.

Lagoppstillingane i finalen, Real i lilla trøyer

Real Madrid tok leiinga ved Cristiano Ronaldo i 20. minutt, og Mario Mandžukić utlikna sju minuttar seinare på eit fabelaktig brassespark. Casemiro sende Real i føringa att i det 61. minutt og Cristiano Ronaldo la på til 3-1 allereie tre minuttar seinare. Innbytar Marco Asensio fastsette sluttresultatet til 4-1, sekundar før dommaren bles av kampen. Då var allereie ein annan innbytar, Juventus sin Cuadrado, send av bana etter å ha fått to gule kort. Real Madrid forsvarte dermed meistertittelen frå 2016 og sikra seg sin sjette triumf i Meisterligaen sidan turneringa tok til i 1992.

Lagoppstillingane[endre | endre wikiteksten]

Real Madrid: Keylor Navas, Dani Carvajal, Sergio Ramos (kaptein), Raphaël Varane, Marcelo Vieira, Toni Kroos, Carlos Casemiro, Luka Modrić, Isco Alarcón, Karim Benzema og Cristiano Ronaldo. 76, 81 og 88 minuttar ut i kampen kom etter tur Gareth Bale, Marco Asensio og Álvaro Morata inn på bana. Ut gjekk høvesvis Benzema, Isco og Kroos.

Juventus: Gianluigi Buffon (kaptein), Andrea Barzagli, Leonardo Bonucci, Giorgio Chiellini, Dani Alves, Miralem Pjanić, Sami Khedira, Alex Sandro, Paulo Dybala, Gonzalo Higuaín og Mario Mandžukić. Juan Cuadrado, Claudio Marchisio og Mario Lemina kom innpå i staden for Barzagli, Pjanić og Dybala i 66., 71., og 78. minutt av kampen.

Felix Brych frå Tyskland dømde meisterligafinalen framfor 65 842 tilskodarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]