Hopp til innhald

Meistersongarane frå Nürnberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meistersongarane frå Nürnberg (Die Meistersinger von Nürnberg)
WWV 96
Opera av Richard Wagner

Hans Sachs, illustrasjon av Wilhelm von Kaulbach (1876)
PeriodeRomantikken
Urframføring21. juni 1868
Typisk lengdca. 4 timar 20 minutt
Satsar/akter3 aktar
Libretto avRichard Wagner

Meistersongarane frå Nürnberg (Die Meistersinger von Nürnberg), WWV 96, er eit musikkdrama (eller ein opera) i tre akter, skrive og komponert av Richard Wagner. Han er blant dei lengste operaene som ofte blir framførte, og varer vanlegvis rundt fire og ein halv time. Han vart først framført ved Nationaltheater München, i dag heimen til den bayerske statsoperaen, den 21. juni 1868.[1][2]

Forteljinga føregår i Nürnberg på midten av 1500-talet. På den tida var Nürnberg ein fri riksstat og eit av sentruma til renessansen i Nord-Europa. Historia dreier seg om Meistersinger-lauget (meistersongarane) i byen, ei foreining av amatørdiktarar og musikarar som primært var handverksmeistrar av forskjellige bransjar. Meistersongarane hadde utvikla ei handverksmessig tilnærming til å laga musikk, med eit intrikat system av reglar for å komponera og framføra songar. Verket hentar mykje av atmosfæren frå skildringa av Nürnberg frå tida og tradisjonane til meistersongarlauget. Ein av hovudpersonane, skomakar-diktaren Hans Sachs, er basert på ein historisk skikkelse, Hans Sachs (1494–1576), den mest berømte av meistersongarane.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Roller, stemmeleie, rollebesetning ved premieren[3]
Rolle Stemmeleie Rollebesetning, 21. juni 1868

Dirigent: Hans von Bülow

Eva, Pogners dotter sopran Mathilde Mallinger
David, Sachs' læregutt tenor Max Schlosser
Walther von Stolzing, ein ung riddar frå Franken tenor Franz Nachbaur
Sixtus Beckmesser, notarius, meistersongar baryton Gustav Hölzel
Hans Sachs, skomakar, meistersongar bass-baryton Franz Betz
Veit Pogner, gullsmed, meistersongar bass Kaspar Bausewein
    biroller:
Magdalena, Evas amme sopran Sophie Dietz
Kunz Vogelgesang, pelsmakar, meistersongar tenor Karl Samuel Heinrich
Balthasar Zorn, tinnmakar, meistersongar tenor Bartholomäus Weixlstorfer
Augustin Moser, skreddar, meistersongar tenor Michael Pöppl
Ulrich Eisslinger, kjøpmann, meistersongar tenor Eduard Hoppe
Fritz Kothner, bakar, meistersongar baryton Karl Fischer
Nachtwächter, vekter bass Ferdinand Lang
Konrad Nachtigall, blekkslagar, meistersongar bass Eduard Sigl
Hermann Ortel, såpekokar, meistersongar bass Franz Thoms
Hans Foltz, koppersmed, meistersongar bass Ludwig Hayn
Hans Schwarz, strømpevever, meistersongar bass Leopold Grasser
Borgarar av alle laug og konene deira, svenner, lærlingar, unge kvinner, Nürnbergs folk (kor)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dieter Borchmeyer (1982) Das Theater Richard Wagners. Idee ─ Dichtung ─ Wirkung, Stuttgart (Reclam); Engelsk oversettelse: Drama and the World of Richard Wagner, Princeton (Princeton University Press) 2003, ISBN 978-0-691-11497-2.
  • Carl Dahlhaus (1972) Wagners Konzeption des musikalischen Dramas, Regensburg (Bosse), 2. Auflage: München/Kassel (dtv/Bärenreiter) 1990.
  • Barry Millington (ed.) (1992). The Wagner Compendium: A Guide to Wagner's Life and Music. Thames and Hudson, London. ISBN 0-02-871359-1
  • Nicholas Vaszonyi (ed.) (2002), Wagner's Meistersinger. Performance, History, Representation, Rochester/NY (Univ. of Rochester Press) ISBN 978-158-046168-9.
  • John Warrack (1994). Die Meistersinger von Nürnberg. Cambridge Opera Handbooks. Cambridge University Press.
  • Olaf Waage (1931) Studier over Richard Wagners Die Meistersinger von Nürnberg (Studier fra Sprog- og Oldtidsforskning, 158.)
  • Richard Wagner: Mein Leben tr. Andrew Gray, My Life, New York, 1992 ISBN 0-306-80481-6

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Warrack, John (1994), Richard Wagner, Die Meistersinger von Nürnberg, University Press, s. 137, ISBN 0-521-44444-6, OCLC 29024201, henta 2. mai 2022 
  2. «Die Meistersinger: Performance History», opera.stanford.edu, henta 2. mai 2022 
  3. Warrack, John (1994), Richard Wagner, Die Meistersinger von Nürnberg, University Press, s. 38, ISBN 0-521-44444-6, OCLC 29024201, henta 2. mai 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Meistersongarane frå Nürnberg