Meisterverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Meisterstykke)
Innan målekunsten er Mona Lisa av Leonardo da Vinci (ca. 1503–1506) det arketypiske meisterverket – sjølv om det ikkje blei produsert for innlemming i eit laug eller akademi.
«Rinaldo og Armida» av François Boucher. Måleriet var eit meisterstykke produsert for tilgang til Académie Royale de Peinture et de Sculpture i Paris i 1734.[1]

Eit meisterverk eller meisterstykke (fransk chef-d'oeuvre, bokstaveleg talt «arbeidet til meisteren») viser i dag til eit verk som har hausta utbreidd heider og ros, særleg eit verk som blir sett på som det fremste verka til ein person i karrieren deira, eller til eit verk som viser eineståande kreativitet, dugleik, djupsinn eller utføring.[2] Historisk sett var «meisterverk» eller «meisterstykke» eit omgrep brukt om eit prøvearbeid av ein særs høg standard, produsert av ein svein eller lærling, for å få medlemskap i eit laug eller akademi og den tilhøyrande nemninga «meister».[3][4]

Etymologi og omgrep[endre | endre wikiteksten]

Ordet «meisterstykke »stammar truleg frå nederlandsk meesterstuk eller tysk meiserstück. Det norske ordet er samansett av «meister», gjennom norrønt meistari og mellomllågtysk mēster, frå latin magister, og «stykke», av norrønt stykki.[5][6] Det engelske masterpiece kjem av den tyske eller nederlandske forma, og er å finna allereie i 1605 brukt utanfor laugsamanheng, då i eit stykke av Ben Jonson.[7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg viste «meisterstykke» til eit arbeid eller verk produsert av ein svein eller lærling som ynskte å bli handverksmeister i det gamle laugsystemet. Vedkomandes egnethet for medlemskap i lauget vart delvis avgjort på grunnlag av kvaliteten til meisterstykket, og viss han lykkast ville stykka behaldast av lauget. Dermed blei det lagt stor flid i å produsera eit stykke av høg kvalitet, uansett yrke (konfektmakar, malar, gullsmed, knivmakar, osb.). I mellomalderen var tittelen «meister» knytt til førenamnet til ein person med akademisk grad. Innan handverket var «meister» ei nemning for ein sjølvstendig drivande handverkar. For å kunna bli kalla som «meister» kravde ein av handverkarane i den gamle laugtida at dei hadde utført eit meisterstykke etter utstått svenne- og læretid, og talet handverksmeistrar var avgrensa. Kva meisterstykka i dei forskjellige faga skulle gå ut var det laugsskråa som bestemte. Meisterprøven opphøyrde då handverkslova oppheva lauga i 1839 og 1866; tittelen blei derimot halden på som ei nemning på ein sjølvstendig handverkar.[8]

Mellom 1531 og 1572 i Nürnberg i Tyskland måtte lærlingar som ynskte å bli gullsmedmeistrar produsera ein «akeleiekopp» (som tok namnet grunna likskap i form med akeleieblomen), delar til ei stålforsegling, og gullringar sette med edelstener før dei kunne takast opp i lauget. Viss det ikkje lykkast å bli innlemma kunne dei fortsetja å arbeida for andre gullsmedar, men ikkje som meister sjølv. I nokre laug fekk ikkje lærlingar lov til å gifta seg før dei hadde oppnådd fullstendig medlemskap.[9]

Praksisen med meisterstykke har halde fram i nokre moderne kunstakademi, der det generelle omgrepet for slike verk i dag er resepsjonsstykke. Royal Academy i London bruker omgrepet diploma work, og har teke inn ei stor samling diplomstykke som vilkår for medlemskap.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Levey, Michael. (1993) Painting and sculpture in France 1700-1789. New Haven: Yale University Press, s. 164. ISBN 0300064942
  2. «Chef s'oeuvre». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 12. juni 2016. 
  3. «meisterverk» i Nynorskordboka.
  4. Dolven, Arne S. (14. februar 2009). «Mester». Store norske leksikon. Henta 12. juni 2016. 
  5. de Caprona, Yann: Norsk etymologisk ordbok. 5. opplag, Kagge Forlag (2014). s. 971
  6. de Caprona, Yann: Norsk etymologisk ordbok. 5. opplag, Kagge Forlag (2014). s. 681
  7. OED:"Masterpiece". See also: Encarta Arkivert 2009-11-07 ved Wayback Machine. ArkivertWebCite. 2009-11-01.
  8. Dolven, Arne S. (2009, 14. februar). Mester. I Store norske leksikon. Hentet 12. juni 2016 fra https://snl.no/mester.
  9. Cup, Silver, room 69, case 25. Victoria & Albert Museum. Besøkt 8. juli 2016.