Mekanisk energi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Mekanisk energi er eit omgrep innan fysikken, som omfattar både kinetisk energi (rørsleenergi) og potensiell energi (stillingsenergi). Den mekaniske energien til ein lekam er altså summen av den kinetiske og potensielle energien til ein lekam. I klassisk mekanikk har ein samanhengen:

Det er viktig å merke seg at denne formelen berre gjeld så lenge ein held seg innanfor eit område der verdien for g er tilnærma konstant gjennom heile rørsla.

Mekanisk energi vert òg kalla totalenergi. Totalenergi kan og få ein annan formel, da omgrepet rommar andre former for potensiell energi.

Mekanisk energi står i kontrast til termisk energi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]