Mekka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 21°25′N 39°49′E
Mekka
by
none
Kallenamn: Umm al-Qurā (arabisk أم القرى, «Mor til alle busetnader»)
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Mekka-regionen
høgd 277 moh
Koordinatar 21°25′N 39°49′E
Areal 760 km² [1]
Folketal 1 675 368 (2010) [2]
Folketettleik 2 204 / km²
borgarmeister Osama al-Bar
Provinsguvernør Mishaal bin Abdullah Al Saud
Tidssone AST (UTC+3)
 - Sommartid AST (UTC+3)
Retningsnummer (+966) 12
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Mecca
Nettstad: www.holymakkah.gov.sa

Mekka (arabisk مكة) er ein by i Hejaz i Saudi-Arabia.[3] Han er hovudstaden i Mekka-regionen og ligg 70 km inn i landet frå Jidda i ein smal dal, kring 277 meter over havet. I 2012 hadde byen kring to millionar innbyggjarar, men under hajj, den muslimske pilegrimsreisa til Mekka, vert dette talet meir enn tredobla.

Byen er den heilagaste staden i islam.[4] Det var her Muhammed blei fødd og seinare stod fram som Guds sendebod.[5][6] Å vitja byen er ein viktig del av religionen og under hadj kjem millionar av pilegrimar til Mekka. I Mekka ligg Kaba, heilagdomen som inneheld den svarte steinen, på den opne plassen inne i moskéen Al-haram og muslimar vender seg mot Mekka og Kaba i bøn.

Mekka vart lenge styrt av etterkomarane til Muhammed, sharifane, som anten fungerte som sjølvstendige herskarar, eller som vasallar til større makter. Byen vart erobra av Ibn Saud i 1925. I moderne tid har Mekka gjennomgått ein enorm utviding, med bygg som hotellet Abraj Al Bait, den tredje høgaste bygningen i verda og den bygningen i verda med størst golvareal. Under utvidinga har Mekka mista somme av dei historiske byggverka og arkeologiske stadane, som Ajyad-festninga.[7] I dag vitjar meir enn 15 millionar muslimar Mekka årleg, mellom anna sju millionar dei få dagane hadj varer.[8] Mekka har slik blitt ein av dei mest kosmopolitiske og mangfaldige byane i den muslimske verda,[9] trass i at ikkje-muslimar er utestengde frå byen.[10]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mekka ligg i Hijaz-ørkenen ikkje langt frå Raudehavet. Også før Muhammed si tid var han ein viktig by. Han låg langs den arabiske handelsvegen for krydder og røykjelse som gjekk sørfrå til Egypt, Jidda, Persiabukta og Mesopotamia.

Mohammed rir mot Mekka.

Muslimsk tradisjon fortel at kjøpmannen Mohammed såg erkeengelen Gabriel i ørkenen utanfor Mekka for første gong i 609. Han tok til å preika den nye religionen islam, men få av dei som budde i Mekka let seg lokka. Til slutt måtte han flykta herfrå til Medina. I 630 kom Mohammed tilbake som leiaren for ein stor muslimsk hær og erobra Mekka. Innbyggjarane måtte konvertera til den nye monoteistiske religionen.

Mekka og islam[endre | endre wikiteksten]

Mekka er sidan denne tida blitt den viktigaste byen i islam. Sidan hendingane i Mekka stammar frå tida før skiljet mellom sjia- og sunniislam er han heilag for begge retningane. Al-haram-moskeen blir rekna som den heilagaste staden i verda.

Ein av dei fem søylene i islam er å vitja Mekka minst éin gong i livet, under hadj. Muslimar som har råd kan vitja byen årleg, men innreisa til landet er blitt avgrensa dei siste åra for å hindra for store folkemengder.

Ei pilegrimsreise til Mekka utanfor hadj-månaden dhu al-hidja er òg ei heilag handling som blir kalla umra.

I Mekka vitjar pilegrimane Kaba, rekna som Guds hus, og den heilage zamzamkjelda. Dei dreg òg gjerne til landsbyen Mina og Arafatåsen i nærleiken.

Mekka og ikkje-muslimar[endre | endre wikiteksten]

Mekka blir rekna som så heilag at byen er forboden for ikkje-muslimar. Likevel har fleire slike lurt seg inn forkledde som muslimar. Ein av dei best kjende er den engelske eventyraren Richard Burton, som tok seg inn i byen i 1835. Han fortalde seinare om opplevingane sine i Personal Narrative of a Pilgrimage to Al Madinah and Meccah.

Ettersom bilde og fjernsynsoverføringar frå byen er blitt vanlege, har fleire ikkje-muslimar fått innblikk i dei tidlegare så hemmelege rituala, slik at mykje av nyfikna dermed er stilla. Namnet på byen blir i dag brukt om ein kva for helst stad som er viktig eller verd å vitja for ei særskild gruppe, til dømes «handle-Mekka».

Tragediar[endre | endre wikiteksten]

Det har vore fleire dødsulukker i samband med dei store menneskemengdene som samlar seg i Mekka under hadj. Den verste skjedde i 1990 då 1 426 blei trampa i hel i ein tunnel. Liknande ulukker i 1994, 1998 og 2004 drap 270, 180 og 251 kvar. Styresmaktene i Saudi-Arabia prøver å hindra fleire slike hendingar ved å setja grenser for kor mange som får vitja landet og overvaka folkemassane under hadj. Likevel kan det stadig skje ulukker, som i 2006, då eit blokkhus fall saman og drap 76.

Mekka har òg vore utsett for terrorisme og religions-politiske demonstrasjonar. I 1989 drap bomber i Al-haram-moskeen éin pilegrim medan samanstøytar mellom antivestlege demonstrantar og saudiske tryggingsstyrkar førte til at rundt 400 døydde.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mekka ligg 277 meter over havet, og kring 80 km inn i landet frå Raudehavet.[11] Det sentrale Mekka ligg i ein dal mellom fjella, som ofte vert kalla Mekkadalen. Området består av dalen Al Taneem, Bakkahdalen og Abqardalen. Fjella i området har styrt korleis byen utvidar seg. Sentrum av byen i Masjid al-Haram-området, ligg lågare enn det meste av resten av byen. Området kring moskeen utgjer gamlebyen. Hovudavenyane er Al-Mudda'ah og Sūq al-Layl nord for mosken og As-Sūg Assaghīr i sør. Saudiarabarane utvida Stormoskeen i sentrum av byen, der det før sto hundrevis av hus, som no er erstatta av avenyar og torg. Tradisjonelle hus er bygde av lokal stein og er vanlegvis to til tre etasjar høge. Mekka dekkjer i dag i alt ei flatevidd på 1200 km².[12]

I førmoderne tid, utnytta byen eit par viktige vasskjelder. Dei første var lokale brunnar, som Zamzambrunnen, som hovudsakleg inneheld brakkvatn. Den andre kjelda var Ayn Zubayda-kjelda. Utspringet til denne kjelda ligg i fjella J̲abal Saʿd (Jabal Sa'd) og Jabal Kabkāb, som ligg nokre få kilometer aust for Jabal Arafa eller kring 20 km søraust for Mekka. Vatnet vart transporter frå kjelda i underjordiske kanalar. Ei særs sporadisk, tredje kjelde var regnfall som vart lagra i små cisterner. Sjølv om det sjeldan kjem regn, utgjer det ein trugsel for flaum når det først skjer. I følgje Al-Kurdī har det vore 89 historiske flaumar fram til 1965, inkludert fleire i saudiarabisk tid. Den mest alvorlege i førre hundreåret var i 1942. Sidan den gongen har ein bygd fleire dammar for å betre problemet.[13]

Bydelar[endre | endre wikiteksten]





Klima[endre | endre wikiteksten]

Mekka har eit særs tørt klima. I motsetnad til andre saudiarabiske byar, er Mekka òg varm om vinteren, med temperaturar frå 18 °C på natta til 30 °C om dagen. Sommartemperaturane er særs høge og kjem ofte over 40 °C på ettermiddagen og ned mot 30 °C på kvelden. Det vesle regnet som kjem, kjem mellom november og januar.

Klimadata for Mekka
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 37.0 38.3 42.0 44.7 49.4 49.4 49.8 49.6 49.4 46.8 40.8 37.8 49,8
Normal maks. temp. °C 29.9 30.8 33.6 36.8 40.3 41.9 41.3 40.9 40.5 38.3 34.2 31.8 36 69
Døgnmiddeltemp. °C 23.7 24.1 27.2 30.8 34.3 35.7 35.8 35.6 35.0 31.5 27.3 24.9 30 49
Normal min. temp. °C 17.6 17.4 20.4 22.3 27.5 28.3 29.1 29.0 28.0 24.8 21.2 18.0 17,4
Kulderekord °C 11.0 10.0 13.0 15.6 20.3 22.0 23.4 23.4 22.0 18.0 16.4 12.4 10,0
Nedbør (mm) 20.6 1.4 6.2 11.6 0.6 0.0 1.5 5.6 5.3 14.2 21.7 21.4
relativ fukt 58 54 48 43 36 33 34 39 45 50 58 59 46,4
Kjelde nr. 1: [14]
Kjelde nr. 2: Weather2Travel (sunshine)[15]


Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjender folk frå Mekka[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mekka Municipality. Holymakkah.gov.sa. Henta 2013-02-03.
  2. «Population». Statistical Yearbook 47 (2011). Central Department Of Statistics & Information. http://www.cdsi.gov.sa/yb47/Pages/MixChapter2.htm. Henta 15. november 2013. 
  3. Merriam-Webster's Geographical Dictionary. s. 724. ISBN 0 87779 546 0. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=Co_VIPIJerIC&pg=PA724. 
  4. Nasr, Seyyed (2005). Mekka, The Blessed, Medina, The Radiant: The Holiest Cities of islam. Aperture ISBN 089381752X
  5. Khan, A M. Historical Value Of The Qur An And The Hadith. Global Vision Publishing Ho. ss. 26–. ISBN 978-81-87746-47-8. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=ZcMHD5WWL7AC&pg=PA26. 
  6. Al-Laithy, Ahmed. What Everyone Should Know About the Qur'an. Garant. ss. 61–. ISBN 978-90-441-1774-5. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=5ShMqiiJbNYC&pg=PA61. 
  7. Taylor, Jerome (2011-09-24), Mekka for the rich: islam's holiest site 'turning into Vegas', London, http://www.independent.co.uk/news/world/middle-east/mecca-for-the-rich-islams-holiest-site-turning-into-vegas-2360114.html 
  8. A Saudi tower: Mekka versus Las Vegas: Taller, holier and even more popular than (almost) anywhere else, The Economist (2010-06-24), Kairo.
  9. Fattah, Hassan M.islamic Pilgrims Bring Cosmopolitan Air to Unlikely City, The New York Times (2005-01-20).
  10. Esposito, John L.. What everyone needs to know about islam. Oxford University Press. s. 25. ISBN 9780199794133. Arkivert frå originalen.. https://books.google.com/books?id=2wSVQI3Ya2EC&pg=PA25. «Mekka, like Medina, is closed to non-Muslims» 
  11. Islamic World, s. 13
  12. «Mekka Municipality». Holymakkah.gov.sa. http://www.holymakkah.gov.sa/. Henta 2010-04-06. 
  13. "Makka – The Modern City", Encyclopaedia of Islam
  14. «Weather averages Mekka». PME. http://www.pme.gov.sa/Mekka.htm. Henta 17. august 2009. 
  15. «Mekka Climate and Weather Averages, Saudi-Arabia». Weather2Travel. http://www.weather2travel.com/climate-guides/saudi-arabia/mecca.php. Henta 2014-10-14. 

«La Mecque» frå Wikipedia på fransk og «Mekka» frå Wikipedia på svensk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Mekka frå Wikivoyage