Meløya i Meløy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Meløya
Meløya.JPG
Geografi
Norway - Meløya.png
Stad Helgeland
Koordinatar 66°49′42″N 13°25′17″EKoordinatar: 66°49′42″N 13°25′17″E

Areal 21,8 km²

Høgaste punkt Meløytinden (582 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 211 (2007)
Folketettleik 9,7 /km²

Meløya er ei øy i Meløy kommune i Nordland. Øya ligg sørvest for Ørnes. Meløya har eit areal på 21,8 km², og høgste punktet på øya er Meløytinden på 582 moh. Øya hadde 211 innbyggarar i 2007. Meløya var tidlegare administrasjonssentrum for Meløy kommune. På øya ligg Meløy kyrkje frå 1867. Torghatten Nord har både ferje- og snøggbåtsamband frå øya.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Det finst kjelder for ulike skriveformer for øynamnet gjennom historia frå Miolø i 1350, Melløenn i 1570, Molløe i 1670 til Meløen i 1723. Sidan det ikkje fanst eit norsk skriftspråk i takt med dialektane før vi fekk landsmålet er det uråd å seie sikkert kva som har vore munnleg form for øynamnet i same periode. Forfattarane av Gård og grend i Melø meiner at det norrøne omgrepet «mel» vart bruka for å referere til fin sand, og at øya såleis har fått namnet sitt etter det sandhaldige jordsmonnet ein finn på gardane på Meløya. Øya gav namn til garden kor kyrka står og seinare til kommunen då han vart oppretta i 1884.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst fornminne rundt om på øya frå mange tidsepokar. Her er restar av steinalderbuplassar og gravfelt frå jernalderen. Eit enkeltfunn er «risvikkniven» datert til yngre steinalderen og utmerker seg med eit utskjert skaft som kan tyde på kontakt med Nord-Sverige eller Finland. Meløygarden på Meløya var hovudsete for adelsslekta Benkestok (ca. år 1500-1600). Kommunen kjøpte garden i 1872, og hadde administrasjonen med bl.a. kommunestyre her fram til 1952 då han vart flytta til Ørnes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]